Hopp til innhold

Arbeidsulukke i Modalen

Ein mann er skadd etter at han fall fire meter frå eit tak i Modalen, medan han arbeidde på ei pipe. Mannen, som er i slutten av 60-åra, var vaken etter fallet men hadde problem med å bevege seg, skriv avisa Nordhordland. Det er oppretta ei undersøkingssak på forholdet.