Hopp til innhold

Mann skadd i arbeidsulukke i Ulrikstunnelen

Ein mann fekk ein fot i klem i samband med byggearbeidet i den nye Ulrikstunnelen i Indre Arna.

Anleggsområde Arna stasjon
Foto: Anders Ekanger / NRK

Ein mann er skadd i ei arbeidsulukke i den nye Ulrikstunnelen i Indre Arna.

– Det er snakk om ei klemskade, og vi fryktar ankelen hans er broten, fortel operasjonsleiar Lars Geitle i Hordaland politidistrikt.

Politiet er på staden, men veit førebels ikkje om ulukka skjedde inne i tunnelen eller utanfor. Det er også uklart korleis han har komt i klem.

– Det skal ha skjedd i samband med arbeid på ei maskin. No er han køyrt til Bergen legevakt, fortel Geitle.

Arbeidstilsynet er varsla om ulukka.