NRK Meny
Normal

Arbeidstilsynet vil rettleia DNS

Den Nationale Scene vart i haust skaka av ein ny open konflikt då kommunikasjonsdirektøren deira sa opp i protest. Arbeidstilsynet vil no sjå nærare på saka.

No kallar Arbeidstilsynet DNS inn til rettleiing i samband med årets konflikt mellom kommunikasjonssjefen og direktøren.

KONFLIKT: Her er kommunikasjonssjef ved DNS, Finn Bjørn Tønder, på veg ut frå møte med leiinga tidleg i oktober. Han er glad for at Arbeidstilsynet vil sjå på omstenda rundt oppseiingssaka hans.

Kommunikasjonssjef ved DNS, Finn Bjørn Tønder, sa tidlegare i haust opp stilinga si ved teateret og kom med alvorlege skuldingar mot direktør Bente Hartvedt Ringstad.

Han skreiv blant anna i eit brev til DNS at han ikkje orka meir av Ringstads manipulering og diktatoriske leiarmåtar.

No kallar Arbeidstilsynet inn leiing og tillitsvalde til rettleiing i samband med årets konflikt mellom kommunikasjonssjefen og direktøren.

– Ja eg synest me treng dette. Eg hadde tenkt å be dei om hjelp, så det var flott at dei tilbaud seg. Me er oppe i ein situasjon som er veldig krevjande for DNS no, seier teatersjef Agnete Haaland.

Har granska før

Arbeidstilsynet var også i 2012 inne å granska arbeidsmiljøet ved Den Nationale Scene i Bergen.

I brevet som Arbeidstilsynet no har sendt ut, står det at «det verkar som om forhold frå den førre tilsynssaka framleis er ei utfordring.»

– Når det gjeld arbeidsmiljøet på teateret så er det mykje som liknar sånn som det var i 2011, 2012 og i 2013, seier Tønder, som framleis sit i stillinga til oppseiingstida har gått ut.

Han er svært glad for at nokon andre vil gå inn i saka.

– Det er veldig flott at nokon uavhengige kan sjå på dette, fordi den granskinga som går føre seg no er trass alt regissert av leiinga på teateret.

Finn Bjørn Tønder

MISFORNØGD MED ARBEIDSMILJØET: Kommunikasjonssjef ved DNS, Finn Bjørn Tønder, meiner det er viktig at Arbeidstilsynet vil sjå på utfordringane ved DNS.

Foto: NRK

Ekstern gransking

Haaland er på si side oppteken av å presisera at granskinga som no går føre seg er ekstern.

– Me har ei gransking som pågår no der har eg tredd tilbake. Det er ein ekstern advokat og konsulent som ser på saka.

Ho ser ikkje ein tydeleg samanheng med dei tidlegare konfliktane.

– Dette er ei heilt anna sak. Me treng å høyra med Arbeidstilsynet om det er ting me kan gjera utanom det me allereie gjer, sånn at me kan få ei god løysing på den saka me står midt oppe i no, seier Haaland.

Agnete Haaland, portrett

POSITIVT: Teatersjef ved DNS, Agnete Haaland, håpar på gode råd frå Arbeidstilsynet.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Siste video

Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.