NRK Meny
Normal

Arbeidstilsynet vil jakta på kriminelle

Arbeidstilsynet varslar ein hardere kamp mot sosial dumping, svart arbeid og annan arbeidslivskriminalitet. Dermed blir det mindre tid til vanlege tilsyn i seriøse bedrifter.

Parole i 1. maitoget i Oslo i 2005

– KRIMINELL FORRETNINGSIDÉ: Arbeidstilsynet varslar færre vanlege tilsyn for å konsentrera seg om sosial dumping og anna kriminell næringsverksemd.

Foto: Berit Keilen / NTB scanpix

– Dei neste tre åra blir ei intensiv jakt på personar som har kriminalitet som forretningsidé, seier regiondirektør Borghild Lekve i Arbeidstilsynet Vest.

– Me skal satsa mykje meir enn tidlegare mot arbeidslivskriminalitet og gi sanksjonar som har effekt. Dette er eit svært stort samfunnsproblem.

Lekve trekker særleg fram bransjar som bygg, reinhald, overnatting/servering og bilpleie.

Borghild Lekve

UROPATRULJE: Arbeidstilsynet skjerpar jakta på kriminelle firma, seier regiondirektør Borghild Lekve.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det kan vera alt frå heilt feil lønsutbetalingar, arbeidstid ut over alle grenser, svart arbeid, kummerlege butilhøve, og i tillegg svært alvorleg kriminalitet som menneskehandel.

Blank fasade i Noreg

Arbeidstilsynet la tysdag fram sin strategiplan for 2017-2019, under ein nasjonal arbeidsmiljøkonferanse i Bergen. Tilsynet skriv at dei nå skal bli ein meir målretta uropatrulje for å jaga kriminelle nettverk.

– Eit selskap kan ha ein tilsynelatande blank fasade i Noreg. Likevel kan det vera enkeltpersonar i selskapet som lagar eigne føretak og jobbar i nettverk med kriminelle aktørar. Dei held gjerne til i land som dømes Polen, Bulgaria, Romania og Litauen.

Lekve seier det er utfordrande at kriminelle selskap er komplisert bygt opp og ikkje berre opererer i Noreg.

Pengestraumar ut av landet

– Me må kartleggja nettverka, sjå samanhengar og følja pengestraumane over landegrensene, men opplever at verksemdene flyttar seg og at me ikkje alltid kan forfølga dei i utlandet.

Gunnar Thorenfeldt (til venstre)

PRISVINNAR: Journalist Gunnar Thorenfeldt (t.v.) fekk tysdag Den norske arbeidsmiljøprisen for sine reportasjar om arbeidsmiljøkriminalitet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg ønsker Arbeidstilsynet lukke til, men vil påpeika at trass i auka merksemd, har me ikkje sett nokon nedgang i arbeidslivskriminaliteten, seier Dagbladet-journalist Gunnar Thorenfeldt.

Tysdag fekk han Den norske arbeidsmiljøpris for 2016 nettopp for sitt mangeårige arbeid med å avdekka slaveriliknande sosial dumping og aukande arbeidslivskriminalitet.

Når Arbeidstilsynet nå vil bruka meir ressursar på å jakta kriminelle næringsdrivande, blir det tilsvarande mindre til tradisjonelt førebyggingsarbeid for trygge arbeidsmiljø.

– Me tenker at me kanskje kan gi «fritak» for tilsyn i mange år når ei verksemd har alt på stell, seier Lekve.

Arbeidstilsynet vil dei neste åra bruka omlag halvparten ressursane sine i kampen mot arbeidslivskriminalitet.

– Utspekulert kriminalitet

– Kyniske, kriminelle aktørar øydelegg for det seriøse fleirtalet av bedrifter, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).

Anniken Hauglie

VANSKELEG KAMP: Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie meiner det er mogleg å bekjempa sosial dumping og svart arbeid.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Arbeidstilsynet må vri ressursbruken sin for å bekjempa arbeidslivskriminalitet. Har regjeringa gitt tilsynet for lite pengar?

– Me har styrka tilsynet kvart år, men kriminaliteten blir stadig grovare og meir utspekulert. Kun fantasien set grenser for kva ein kan bli utsett for, seier Hauglie.

– Det skal løna seg å vera seriøs, og vanskeleg å vera kjeltring. Dei vil vi ikkje ha i norsk arbeidsliv. Kampen er ikkje tapt, men den er vanskeleg.

Lekve fortel at tilsynet får mange tips, men ønskar endå fleire, gjerne anonymt. Samtidig understrekar ho at kundane og oppdragsgjevarane er ansvarlege for ikkje å bruka useriøse bedrifter.

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.