NRK Meny
Normal

Arbeidsledige Stine hjelper andre ingeniørar ut i jobb

Stine Sortland (27) jobbar tre dagar i veka for Nav, der ho hjelper andre ingeniørar med å søkje på aktuelle jobbar.

Stine Sortland

HJELPER ANDRE: I jobben for NAV tipsar Stine Sortland andre arbeidsledige ingeniørar om ledige jobbar. Ho håper å finne ein jobb til seg sjølv og.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Etter at Stine Sortland var ferdig med utdanninga, fekk jobb med ein gong i det rådgjevande ingeniør- og entreprenørselskapet Reinertsen. Halvanna år seinare, i fjor vår, mista ho den.

I same prosessen måtte rundt 350 personar måtte gå, noko NRK tidlegare har fortalt. Grunngjevinga for oppseiinga var nedgangstider i heile petroleumssektoren og dermed mindre å gjere for selskapet.

LES MEIR: Reiser på ingeniørjakt fra Bodø til Stavanger

LES MEIR: Jacob tok med seg familien fra Vestlandet til Bodø

Ein spesiell situasjon

Sortland får ikkje lønn frå Nav, men går no på dagpengar og jobbar som praktikant.

– Korleis opplever du din kvardag som arbeidsledig?

– Nå har eg vore arbeidsledig sidan februar 2015. Eg synest det er ein spesiell situasjon fordi eg har brukt mange år på å ta sivilingeniørutdanninga. Eg signerte jobbkontrakt før eg var ferdig utdanna, så eg hadde ikkje heilt venta denne situasjonen, seier ho.

Tipsar andre

I jobben for Nav kan ho til dømes finne ei stilling, for deretter å sende epost og beskjedar til ingeniørar om å søkje.

– Men er ikkje dette stillingar som du då får konkurranse på?

– Jo, men eg tipsar uansett, og søkjartala vil jo bli store. Eg har aldri latt vera å tipsa andre ingeniørar sjølv om det blir konkurranse på stillinga for meg, seier Sortland til NRK.

Ho sit med eit inntrykk av at mange ingeniørar er oppgitte fordi det ikkje finst så mange utlyste stillingar, og at det er mange søkjarar på dei få stillingane som er på marknaden.

Open for alt

Ho har merka ei endring i sin eigen tankegong frå ho først vart ledig.

– I starten søkte eg etter ein spesifikk jobb. No er målet å få ein jobb.

– Opplever du endringa som viktig og riktig, eller deprimerande?

– Eg skulle ønskt den kom tidlegare, for eg skjønar no at eg ikkje må ha fokus på oljebransjen, men vere open for andre bransjar og nye arbeidsplassar, seier Stine Sortland.

Både Fanaposten og Dagens Næringsliv har tidligere omtalt Stines situasjon.

LES MEIR: No helsar Ahmed på «alle» på gata

LES MEIR: Cathrine fra Bergen til Raufoss for å få jobb

Siste video

Programleder: Marte Rommetveit
Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio