NRK Meny
Normal

Ap vurderer å gå med på ubåtheving

Arbeidarpartiet kan gå med på å heve ubåtvraket ved Fedje viss det kjem fram nye vesentlege opplysningar under høyringa i Stortinget måndag.

Måndag er det altså ny høyring om den omstridde saka i Stortinget.

På den opne høyringa i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité skal mellom anna ekspertar på undervassteknologi uttala seg.

Kan verte overtydd om noko anna

Regjeringa har sagt at tildekking av vraket er den beste løysinga - opposisjonen er usamd.

Vedtaket om å dekke til vraket har skapt sterke reaksjonar hos både fagfolk, miljøvernarar og lokale folk.

Men no kan Arbeidarpartiet vere villig til å endra oppfatning – dersom det kjem fram vesentlege nye opplysingar i høyringa måndag.

Leiar for Ap sine representantar i transportkomiteen på Stortinget, Torstein Rudihagen, trur tildekking av ubåten med 65 tonn kvikksølv om bord er den mest miljøvenlege, men han kan verte overtydd om noko anna.

– Kjem det fram heilt nye argument som ikkje har vore med i departementet og regjeringa sitt beslutningsframlegg, må kanskje departementet også gjere ei ny vurdering. Utgangspunktet er likevel at regjeringa si avgjerdsle er rett, seier Rudihagen.

Håpar på endring

Venstres Gunnar Kvassheim håpar at regjeringa endrar avgjerdsla.

- Det er fleirtal på Stortinget for å arbeide med heving av ubåten. Fleirtalet blokkerast av Arbeidarpartiet, men det håpar eg endrar seg innan kort tid, seier Kvassheim.

Framstegspartiet (Frp) vil som dei andre opposisjonspartia heve vraket. Stortingsrepresentant i Frp, Bård Hoksrud, trur Ap får høyre dei bevisa dei treng i høyringa måndag.

- Nokre av dei som kjem på høyringa vil vere så klare og tydelege på dei har kompetansen og det utstyret som skal til for å heve på ein god og trygg måte. Det håpar eg er nok til å endre regjeringa sitt syn.

HØYRINGA BYRJAR KLOKKA 16 OG VARER FRAM TIL RUNDT KLOKKA 18.

 

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.