Ap vil gi kulturtilbod til alle barn i Bergen

80 kommunar gir gratis kulturtilbod til fattige barn. I Bergen vil Arbeidarpartiet utvide ordninga. – Velkomen etter, seier Frp.

Lubna Jaffery, Arbeiderpartiet i Bergen

KAN RELATERE: Lubna Jaffery, gruppeleiar Arbeidarpartiet i Bergen, har sjølv vakse opp i ein låginntektsfamilie og veit korleis det er å ha lite pengar.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Fleire barn og unge bør få høve til å nytte seg av kultur- og fritidsaktivitetar, som å gå på kino og i svømmehallen, seier Lubna Jaffery, gruppeleiar i Arbeidarpartiet i Bergen.

Ho var òg statssekretær i Kulturdepartementet i Jens Stoltenbergs regjeringstid.

– Kunne starta før

Arbeidarpartipolitikaren har sjølv vakse opp i ein låginntektsfamilie og meiner det er viktig at alle barn får ta del i kulturtilbodet i byen.

– Første gong eg var på kino, var eg 14. Første gong eg var på teater, var eg 20. Mine foreldre hadde ikkje råd til å sende meg rundt på kulturopplevingar. Det å dele ei kunstoppleving eller fritidsaktivitetar, gjer at du er med i ein større fellesskap.

Aktivitetskortet i Bergen blei innført i 2016 og blir nytta av rundt 2700 barn frå familiar som får økonomisk sosialhjelp eller er knytt til Introduksjonssenteret for flyktningar. Kommunen brukar tre millionar kroner årleg på å sponse barna med kortet.

Behovsprøving

Ordninga har fått kritikk for å verke stigmatiserande fordi det gjer det så synleg at barnet kjem frå ein familie med dårleg råd.

Ved å gje kortet til alle, vil stigmaet forsvinne, meiner Ap. Men det kan bli behovsprøvd.

– Det kan vere at dei som er i familiar med god råd, må betale litt for det. Men det kan òg vere at alle skal få kortet gratis, seier Jaffery.

– Kunne starta før

– Det er strålande at Arbeidarpartiet vil utvide kortet, seier fyrstekandidat for SV, Mikkel Grüner.

Mikkel Grüner, Bergen SV

KUNNE STARTA FØR: – Dei kunne starta dette arbeidet for fire år sidan, om dei ønska det, seier fyrstekandidat for SV, Mikkel Grüner.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Han meiner likevel det er rart at Arbeidarpartiet lanserer det som eit nytt forslag no.

Bystyret har nemleg allereie lagt opp til at kortet skal utvidast til å gjelde fleire barn, og på sikt alle barn og unge mellom 0 og 17 år. Det er også planar om å digitalisere kortet, slik at alle kan ha det på mobilen.

– Dei kunne starta dette arbeidet for fire år sidan, om dei ønska det.

Mange kort

Nær 80 kommunar i Noreg er med på ordninga «Opplevingskortet», som er eit samarbeid mellom kommunane, Nav og private aktørar. Kortet gir barn frå familiar med dårleg råd høve til å kome inn gratis på aktivitetar. Ordninga har tidlegare fått kritikk frå Telemarksforsking for å virke stigmatiserande.

Medan Bergen har vald si eiga løysing og kalla det for «aktivitetskort», har andre kommunar vald ikkje å ha ei slik ordning.

Også i Trondheim kommune har dei diskutert å innføre eit kort, men har så langt landa på ikkje å gjere det. Egil Furre, leiar for kultureininga i Trondheim kommune, seier dei heller har ei rekke andre tiltak og støtteordningar som gir barn tilgang på kulturaktivitetar- og arrangement.

Marte J. Monstad

VIL FJERNE STIGMATISERINGA: Ordførarkandidat Marte Monstad i Frp meiner det viktigaste er å få fjerna stigmatiseringa rundt kortet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vil å fjerne stigmatiseringa

– Dette er noko Frp har kjempa for i mange år, seier ordførarkandidaten til Frp i Bergen, Marte Monstad.

Ho meiner det viktigaste er at barn frå familiar med låg inntekt skal få mogelegheit til å delta på aktivitetar som alle andre, utan at det er tydeleg at dei får støtte frå staten.

– Det viktige her er å få til ei ordning kor man ikkje veit om det er foreldra eller kommunen som har fylt på korta, seier Monstad.

Verken Arbeidarpartiet eller dei andre partia NRK har snakka med, har rekna på kor mykje dei vil bruke på å utvide ordninga.