Ein to timars diskusjon enda med eit solid fleirtall for å leggja bybanetraséen frå Bergen sentrum mot Åsane, under jorda.
Representantskapet i Arbeidarpartiet i Bergen var torsdag kveld samla for å ta stilling til bybanetraseen mellom sentrum og Åsane. Det var fullsett sal på konferansehotellet ved sidan av Folkets hus i Bergen sentrum. 110 personer i salen kunne røysta i saka. 10 var ikkje lenger tilstades då avstemminga gjekk føre seg.
LES OGSÅ:
Utsettjingsforslag
Det vart tidleg i møtet reist framlegg om å utsetja vedtaket, for å venta på eventuelle nye svar og utgreiingar frå byrådet. Onsdag
.Både gruppeleiar Harald Schjelderup og leiar i Arbeidarpartiet i Bergen Marte Mjøs Persen åtvara representantskapet mot dette.
Utsetjingsforslaget fall mot to røyster.
– Bryggen er ikkje fortettingsområde
Førstemann på den fullspekka talarlista Eigil Knudsen opna diskusjonen med å appelera om at det bør byggjast tunnel under Bryggen.
– Det er ikkje i verdsarvområdet me skal fortetta byen, derfor bør me legga Bybanen i tunnel under Bryggen, sa Knudsen som er vararepresentant til Stortinget.
– Bryggen er ein av dei få plassane i byen at ein har open og fri tilgang til sjøen, det må me halda på, sa Veslemøy Gullaksen, som sidan 70-talet har håpa på skinnegåande transport til Åsane.
Kan bli ein lang kveld
FOR TUNNEL: Gruppeleiar Harald Schjelderup.
Foto: NRKGruppeleiar Harald Schjelderup, som og støttar tunnelalternativet, tok til motmæle mot dei som har stempla tunneltilhengarane som den "nye asfaltalliansen".
– Du er like for Bybanen anten du ønskjer tunnel eller å gå langs Bryggen, også me ønskjer å få biltrafikken vekk frå sentrum, sa Schjelderup.
Like før klokka 20 opplyste leiar Marte Mjøs Persen om at kvelden vil verta lang. Ut i frå talarlista opplyste ho om at møtet i alle fall ville vara i ein time til.
– Synlegheit, synlegheit, synlegheit
Første Bryggen-tilhengar på talarstolen var Arthur Rasmussen frå partiet sitt lokallag i Åsane.
– I Åsane vil me ha ei synleg Bybane for at fleire skal reisa med Bybanen. Då er det rart at me ikkje skal ha det og i sentrum, sa Artur Rasmussen, frå partlaget til Ap i Åsane.
Då la Arbeiderparti-politikar, Roger Valhammer ut følgjande melding på Twitter:
«Så langt kun 1 taler for Bryggen, alle andre for tunnel. Men talerlisten tyder på at Bryggen-folkene kommer mot slutten. »