Hopp til innhold

Ap ut mot Høie: – Han har ikkje fylgt føringa frå Stortinget

Ein samla opposisjon får truleg med seg støttepartia til regjeringa for å enda sjukehusstriden i Odda. – Høie har ikkje gjort som Stortinget bad om.

Ruth Grung (Ap) i Odda 1. mai

UT MOT HØIE: Ruth Grung (Ap) er medlem i helsekomiteen og representerer partiet som kan sikra at helseminister Bent Høie (H) sitt vedtak om å legga ned akuttkirurgien i Odda blir skrota i Stortinget.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kampen for framleis kirurgisk beredskap i Odda nådde sitt førebelse klimaks då Ruth Grung (Ap) 1. mai erklærte at Arbeidapartiet vil redda akuttkirurgien frå nedlegging.

Bakgrunnen er at Ap meiner Høie ikkje har fylgt mandatet han fekk frå Stortinget.

– I nasjonal helse- og sjukehusplan blei det give klare føringar for kva som skal leggast til grunn for akuttberedskap. Me meiner Høie ikkje har følgt opp Stortingets vilje, seier Ruth Grung (Ap) til NRK etter å ha halda tale framfor folkehavet i Hardanger måndag.

Difor tek Ap kampen mot regjeringa

I eit intervju med Bergens Tidende 24. april sa Bent Høie at om Stortinget grip inn for å stansa vedtaket, vil det vera eit brot på dagens styringssystem.

Arbeidarpartiet har tidlegare antyda at dei var villige til å gå vekk frå sin generelle regel om at Stortinget ikkje skal gripa inn i enkeltsaker når det gjeld sjukehusa.

På arbeidarane sin dag, framfor tusenvis av hardingar med brei partiknyting, kom meldinga om at partiet har bestemt seg.

1. mai-tog i Odda

SJUKEHUSAKSJON: Innbitne hardingar har protestert mot avdelingsnedlegging i Odda i mange instansar det siste året. 1. mai tok fleire tusen til gatene.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Sjølv om Høie har halde på med planen i fire år, er resultatet at akuttkirurgien ved det minste landbaserte sjukehuset i landet blir lagt ned, utan å klargjera kva som skil dette sjukehuset frå dei andre han valte å spara. Det er ikkje godt nok.

– Me har sett på kvalitetstilbodet og korleis Odda sjukehus har operert innanfor dei økonomiske rammene som finst, og har kome fram til at Odda har utvikla ein god modell som gir eit godt nok tilbod til innbyggjarane lokalt.

Tvilar på støtte frå Høgre

Både SV og KrF har inne forslag til handsaming om at akuttberedskapen i Odda skal bestå. På dagens møte i Odda gav V og KrF klar beskjed om at dei står på ja-sida.

Grung, som er saksordførar for saka i helse- og omsorgskomiteen, håpar eit breitt tverrpolitisk fleirtal kan bana veg for at også Høgre og Framstegspartiet vil vurdera å gi si støtte når helse- og omsorgskomiteen skal gi frå seg si innstilling i saka 9. mai.

Veka etter skal saka handsamast i Stortinget.

Sykehusansatte i toget i Odda

MARSJ MOT NEDLEGGING: Mange tilsette ved Odda sjukehus deltok i 1. mai-markeringa i Odda.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Min jobb er å sy saman eit prinsipielt vedtak som gir oss klare føringar på kor grensa går for når ein skal behalda kirurgisk beredskap ved lokalsjukehus.

Kristin Ørmen Johnsen i Høgre synest det er vanskeleg å kommentera saka så lenge ho framleis er til handsaming i komiteen.

– Me støttar helseministeren. Odda skal heretter ha kirurgisk vurderingskompetanse, og det blir ei fortolking av kva som ligg i det. Det må me klarlegga i komitéarbeidet, seier Johnsen til NTB.