Ap-toppar vil kvotere menn inn i barnehagane

SOLLIEN, BERGEN (NRK): Dei fleste norske kommunar slit med å få nok mannlege tilsette i barnehagane. No opnar byrådsleiarane i Oslo og Bergen for å prioritera menn framfor kvinner i utdanninga.

Øyvind Grime

FART OG MORO: Øyvind Grime utdannar seg til barnehagelærar. Barna i Sollien barnehage i Bergen likar at han gjev dei fart på dissa.

– Eg trur det er veldig viktig å få fleire menn i barnehagane. Det var litt få menn der eg arbeidde sist. Då merkar du at det er fleire av ungane som manglar litt den mannlege rollemodellen, seier Øyvind Grime.

Han har praksis i Sollien barnehage i Bergen, og er ein av dei relativt få norske mennene som utdannar seg til barnehagelærarar.

I 1997 vedtok Barne- og familiedepartementet ein målsetjing om at 20 prosent av dei tilsette i barnehagane skulle vera menn. Men etter tjue år viser kjønnsfasiten 9,1 prosent menn.

Søk på mannsandelen i din barnehage her:

Menn i barnehagar 2017