Hopp til innhold

Ap stemte for «revolusjonært» klimaforslag

Hordaland er landets klimaversting. Miljøpartiet De Grønne vil ta grep, og får støtte frå Arbeidarpartiet. – Ein kan vente seg ein meir offensiv klimapolitikk også frå Ap sentralt, seier fylkestopp Sveinung Valle.

Statoil Mongstad

MONGSTAD: MDG foreslo i fylkestinget å lage ein plan for å få bukt med utsleppa frå Mongstad. På dette punktet fekk dei berre støtte frå SV.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Ingen andre fylke i landet slepp ut meir klimagassar enn Hordaland. Saman med Finnmark hadde fylket også den største auka i utslepp frå 2009 til 2012.

På fylkestinget i Hordaland denne veka foreslo Miljøpartiet De Grønne (MDG) å gjere kutt i klimagassutsleppa til førsteprioritet for Hordaland fylkeskommune, med følgjande formulering:

«(...) klimaplanens overordnede målsetninger skal overordnes andre målsetninger som fylkestinget har vedtatt, om det oppstår målkonflikt mellom vedtatte mål».

Tom Sverre Tomren

MDG: – Viss Ap står ved dette framover også, er det ei radikal endring, meiner Tom Sverre Tomren (MDG)

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

– Det inneber at til dømes økonomisk vekst i fylkeskommunen skal nedprioriterast viss det kolliderer med klima- og miljøpolitikken. Det ville vore ein revolusjon om dette blei vedteke, seier Tom Sverre Tomren i MDG.

23 representantar frå MDG, Ap, Sv og Sp stemte for forslaget. At Ap stemte for, tyder på at partiet held på å legge om kurs, meiner Tomren.

– Det pågår tilsynelatande ei miljøvekking i Arbeidarpartiet. Viss dei står ved dette framover også, er det ei radikal endring.

Lovar ein meir offensiv klimapolitikk

Ap har spissa miljøprofilen sin i det siste, og har kutt i klimautsleppa som hovudsak i sitt budsjettframlegg, seier gruppeleiar for Arbeidarpartiet på fylkestinget, Sveinung Valle.

Fylkesleder Sveinung Valle i Hordaland Ap

LOVAR MEIR OFFENSIV MILJØPOLITIKK: – Det pågår tilsynelatande ein miljøvekking i Arbeidarpartiet, meiner Tom Sverre Tomren (MDG). Gruppeleiar for Ap i Fylkestinget, Sveinung Valle (biletet) stadfestar at Ap har spissa miljøprofilen.

Foto: Thor Brødreskift / Arbeiderpartiet

– Eg er heilt overbevist om at ein kan vente seg ein meir offensiv klimapolitikk frå Ap, heilt frå sentralt hald til ut i fylkeskommunen og kommunane, seier han.

– Eg oppfattar det slik at heile fylket har spissa klimapolitikken sin. Mellom anna skriv fylkesordføraren at klimaplanen skal leggast til grunn for andre regionale planar i Hordaland. Når ein har ei slik målsetjing, må ein sjølvsagt følgje opp.

Ap stemte ikkje for MGD sitt forslag om å gjere noko med utsleppa frå gasskraftverket og raffineriet på Mongstad.

– Det er ein veldig viktig arbeidsplass, og det skal skje mykje der framover. Me er nøydde til å balansere mellom miljøtiltak og etablerte og nye arbeidsplassar, meiner Valle.

– Eg er skuffa over Venstre

Venstre stemte i mot å gjere kutt i klimagassutsleppa til førsteprioritet for fylkeskommunen.

– Eg er svært skuffa over Venstre. Viss dei hadde stemt for forslaget vårt hadde det vore fleirtal i fylkestinget for at arbeidet med å få ned CO2-utsleppa hadde vore Hordaland fylkestings absolutte overordna målsetting, seier Tomren i MDG.

– Venstre har her vist seg som ein stor propp i arbeidet med å få gjort noko med klimagassutsleppa, meiner han.

– Me må vedta tiltak me kan gjennomføre

Gruppeleiar for Venstre, fylkesvaraordførar Mona Hellesnes, meiner forslaget frå MDG ikkje var relevant å ta opp, fordi ein overordna klimaplan alt blei vedteken tidlegare i år.

Mona Hellesnes

– MÅ VERE REALISTISKE: – Dei tiltaka me vedtek må vere innanfor det me har moglegheit til å gjere noko med, seier gruppeleiar for Venstre og fylkesvaraordførar Mona Hellesnes.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Me behandla ikkje klimaplanen, men eit handlingsprogram med tiltak som følgjer opp klimaplanen me vedtok tidlegare i år. I den planen har Venstre sjølvsagt gått inn for å kutte i klimagassutsleppa i fylkeskommunen, seier Hellesnes.

– Me må vere så realistiske at me og skal gjennomføre tiltaka me vedtek. Skal me få gjort tiltak som verkar, må me vere så konkrete som mogleg, og det må vere innanfor det me har moglegheit for å gjere noko med eller påverke.

Hellesnes er ikkje samd med Tomren i at Venstre er lite ambisiøse og fungerer som ein propp i arbeidet med å få kontroll på klimagassutsleppa.

– Mongstad er det største punktutsleppet i landet, men fylkestinget kan ikkje legge ned Mongstad. Det trur eg heller ikkje Ap vil støtte, seier Hellesnes.