Hopp til innhold

No kan det bli bompengar her likevel

Nordhordlandspakken kan vera redda, etter at Ap i Meland gjorde heilomvending. Det kan bety tolv år og 900 millionar kroner med bompengar.

Nordhordlandsbrua

NYTT LIV: Fire nye bomstasjonar i Nordhordland skal krevja inn 900 millionar kronar av bompakken på 1,3 milliardar.

Berre litt over ein månad over at kommunestyret i Meland røysta nei til den store Nordhordlandspakken, kan bompengeprosjektet ha fått nytt liv.

No støttar plutseleg alle av Arbeidarpartiet sine representantar pakken, som dermed vil ha fleirtal i Meland. Det skriv avisa Strilen.

Søndag kveld fekk kommunen ein epost med forslag om at pakken vert handsama på ny. Bakgrunnen var ein ny og justert pakke, der det er øyremerka pengar til fleire anlegg i Meland kommune.

– Det er no snakk om kring 85 millionar kroner ekstra til Meland. Den justerte pakken har også ei heilt anna innretning, der kommunane sjølv i større grad får styra rekkefølga på utbygging i eigen kommunen, seier gruppeleiar Rolf Hansen i Meland Ap.

Kunne stoppa heile pakken

Lite utbytte og stor uvisse om kostnadane til prosjektet, gjorde at fleire av Ap sine representantar gjekk i mot pakken i avrøystinga 19. februar. Med knappast mogleg margin, 14 mot 13 stemmer, vart Nordhordlanspakken stemt ned i Meland.

Dermed stod heile prosjektet til 1,3 milliardar i fare, også for nabokommunane, Austrheim, Lindås, Masfjorden og Radøy.

Det fekk mange av naboane i Nordhordland til å reagera, og enkelte trekte dei store linjene; om framtida og kommunesamanslåing.

– Dette har sett samarbeidet mellom oss i eit nytt lys. Eg kjem til å vera grådig skeptisk til samarbeid. Det å gå inn i ein debatt om ny kommunestruktur er heilt meiningslaust, sa Austrheim-ordførar Per Lerøy (Ap) til NRK.

Created by InfoDispatcher

SJÅ REPORTASJEN: Slik var reaksjonane i Nordhordland då bompakken vart stemt ned.

Mot ny runde i alle kommunar

Ifølge Rolf Hansen får dei støtte frå Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet om at saka skal opp på ny i Meland. Han seier dei ikkje har vore imot bompengar, men har meint at den førre pakken var for dårleg for Meland.

Med meir pengar til eigen kommune, har pipa no ein annan lyd frå Ap.

– Innspelet tyder på at saka om ein vegpakke vil verta att opp til ny behandling i Meland kommunestyre, seier ordførar Nils Marton Aadland til Strilen.

Med nytt innhald må truleg pakken også handsamast på ny i dei andre kommunane.