NRK Meny
Normal

Ap vil gjerne ha ordføraren sjølv

Harald Schjelderup, den klare valvinnaren i Bergen, sov berre to timar i natt. I dag starta han arbeidet med å finna ut kven Ap skal samarbeida med.

Harald Schjelderup og Arbeiderpartiet er populære etter brakvalet i Bergen. Dag Inge Foto: Ingfrid Fossåskaret. Redigering: Kjetil Rydland.

VANDRAR SAMAN: NRK blei med då Harald Schjelderup og Dag Inge Ulstein farta Bergen rundt saman i dag.

Vallogo

– Det vart ein sein kveld i går, og når eg kom heim klarte eg ikkje legga meg med ein gong. Det vart litt nattmat og ein liten prat med mi kjære Marianne før eg fekk to timar på puta.

Valnatta vart meir enn grei for toppkandidaten til Arbeidarpartiet i Bergen. Med 37,8 prosent av stemmene i gjorde partiet det beste valet i byen nokosinne.

No startar Arbeidarpartiet jobben med å finne ut kven dei skal samarbeide med. Og Schjelderup kan velja og vraka bland andre parti; no vil nemleg «alle» prata med Ap.

– Jobba for dette i fire-fem år

– Valdagen er ein veldig spesiell dag. Dette er noko me har jobba for i fire-fem år, me har hatt fire veker valkamp der me saman med fleire hundre frivillige har jobba seint og tidleg. Så er plutseleg dagen då alt skal avgjerast der.

– Kvifor trur du valresultatet blei så godt som det vart?

– Eg trur bergensarane ønsker ei ny leiing og ei politisk kursendring. Folk ønsker ein meir miljøvenleg by og eit betre kollektivtilbod.

– Ein annan ting er at målingar viser at mange bergensarar har mista tilliten til politikarane det siste året. Denne tillitsprosessen skal me no starta gjenoppbygginga på.

Marte Mjøs Persen er ein god ordførarkandidat. Men posisjonane er det siste me fordelar.

Harald Schjelderup
Schjelderup og Ulstein

BESTEVENNER? Det gjekk ikkje lang tid frå valresultata tikka inn før det var tydeleg at Harald Schjelderup og Dag Inge Ulstein hadde god tone.

Foto: Jon Bolstad / NRK

KrF først i køen

Arbeidarpartiet manglar åtte mandat for å få fleirtal i byrådet. KrF med sine fire er partiet som står i først i køen i forhandlingane.

– Me har sagt me vil ha ein førsteprat med KrF. Det har me vore tydeleg på heile valkampen. Men me har også invitert SV og dei andre sentrumspartia.

– De får ikkje noko ut av meg i dag om kva me skal gi og ta på. Det må me venta med til samtalane har starta.

– Vil vera eit raust parti

Men han seier det er viktig å vera opne i forhandlingane.

– Eg er oppteken av at Arbeidarpartiet ikkje skal vera eit parti som køyrer over andre, men at me er eit raust og inviterande parti.

– Kven blir ordførar i Bergen?

– Marte Mjøs Persen er ein god ordførarkandidat. Men posisjonane er det siste me fordelar. Først må me ta politikken, det er det aller viktigaste.

– Når trur du at du kan fortelja oss kor samarbeidet går?

– Det veit eg ikkje. Men bystyret skal ha sitt første møte onsdag 28. oktober, og det er eit ønske at eit nytt byråd tiltrer då.

Harald Schjelderup og Marte Mjøs Persen

RØD JUBEL: Spekulasjonane går om kven som skal bli ordførar i Bergen. Ap sjølv meiner Marte Mjøs Persen er ein mogleg kandidat.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Mange saker har tatt vekk fokus

Den sittande byrådsleiaren Martin Smith-Sivertsen er klar på at valkampen har vore vanskeleg for Høgre.

– Det var ein trøblete valkamp for oss, med mange saker som tok vekk fokus frå politikken.

Sjå intervjuet med Smith-Sivertsen i NRK Hordalands morgonsending:

Intervju med Martin Smith-Sivertsen.

Siste video

Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.