– Dei verste amfetaminmisbrukarane slit like mykje som heroinistane, seier narkomane Pez.
Han står i gangane under Puddefjordsbroen i Bergen. Pez brukar amfetamin, og får difor ikkje sleppe inn på det nye sprøyterommet som snart opnar like ved. Her får ein lov å injisere heroin under langt meir verdige forhold og under oppsyn av helsepersonell.
– Det blir nok litt misunning, trur eg. Nokon får komme inn i varmen, medan andre står ute og frys, seier Pez.
Det vil Venstre og Arbeidarpartiet gjere noko med. Dei vart denne veka samde om å opne for både røyking av heroin, samt bruk av andre rusmiddel i sprøyteromma.
– Det vert spanande å sjå om fleire parti sluttar seg til og om vi eventuelt får fleirtal, seier Ruth Grung (Ap).
Blir behandla i vinter
Sosialbyråd Erlend Horn frå Venstre er klar på at han vil endre lova.
– Eg synest det er ein fæl tanke at dei tilsette skal seie nei til dei som kjem med amfetamin, og vise dei til undergangen, seier Horn.
- Les òg:
Forslaget om lovendringa skal opp i Stortinget i løpet av vinteren.
– Eg håpar verkeleg at ein ser kva galskap det er å ikkje endre lova, seier Horn.
– Eit paradoks
Leiar av Straxhuset i Bergen, Hugo Torjussen, meiner òg at det må ei lovendring til.
– Vi har lenge fremma ønske om eit brukarrom der ein òg har moglegheit for å ta andre rusmiddel, seier Torjussen.
Han kallar sprøyteromslova for eit paradoks.
– Formålet til lova er å betre det hygieniske, gjere det lettare å kome i kontakt med hjelpeapparatet og forhindre smitte og infeksjonar. Kvifor det berre skal gjelde for dei som skal injisere heroin er litt vanskeleg å forstå, seier Torjussen.
- Les òg:
Den ferskaste Føre Var-rapporten frå KoRus Bergen – Stiftelsen Bergensklinikkene, viser at andre sterke dop er vel så utbreitt som heroin blant sprøytenarkomane i Bergen
– Vi veit at det er mykje amfetaminbruk i Bergen, slik har det alltid vore. Viss ikkje amfetaminbrukarane har anledning til å gå inn i eit sprøyterom vil dei framleis bli ståande ute, og bli ein ytterlegare pariakaste, seier spesialkonsulent Liv Flesland.
– Burde sprøyterommet vore ope for bruk av alle rusmiddel?
– Ja, ut frå det rusbildet vi ser her i byen så tenker vi at det burde det, seier Flesland.
Høie på glid
Helseminister Bent Høie frå Høgre har tidlegare vore sterkt i mot ei endring i sprøyteromslova, men no er òg regjeringspartiet på glid.
– Det er bevegelse og diskusjon innanfor partiet om ruspolitiske spørsmål, blant anna etter initiativ frå Høie, seier statssekretær i Helsedepartementet, Fredrik Wang Gierløff til NRK.
Han fortel at dei endå ikkje har sett forslaget.
– Vi vil gi våre vurderingar når vi har sett det, og så er det Stortinget som vil behandle sjølve forslaget, seier Gierløff.
- Les òg: