NRK Meny
Normal

Ap krev skattehjelp mot velferdskutt

BERGEN (NRK.no): Arbeidarparti-leiinga meiner regjeringa må kompensere kommunane når oljeprisfall gjev nedskjeringar, skattesvikt og velferdskutt.

Arbeiderparitet, Jonas Gahr Støre

HJELPE KOMMUNANE: Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner at det er eit enormt mangel på vedlikehald på skular i Noreg. No må regjeringa kompensere kommunane når oljeprisfall gjev nedskjeringar, skattesvikt og velferdskutt.

Foto: Leif Rune Løland

– Det er ungane våre og dei eldre som blir råka, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Arbeidarpartiet i Bergen krev at regjeringa gir kommunane full kompensasjon når låg oljepris gjev nedskjeringar og dermed skattesvikt.

– Reduserte skatteinntekter vil føre til velferdskutt, seier gruppeleiar Harald Schjelderup.

For å vise alvoret har Schjelderup invitert partileiaren sin, Jonas Gahr Støre, til å sjå glansbiletet av skulekvardagen i Bergen: Den ganske nyoppussa Ny-Krohnborg skole.

– Vi liker å seie at vi har den flottaste skulen i Bergen, eller Noreg, seier rektor Jan Ove Johansen, medan han viser følgjet rundt.

Ny-Krohnborg skole

I MOT TRENDEN: Den nyoppussa Ny-Krohnborg skole, er eit glansbilete på skulekvardagen i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland

Mister skatteinntekter

Ap-leiar Jonas Gahr Støre har tidlegare sett problema med dei enorme vedlikehaldsmanglane på mange bergensskular.

– Vi har sett veldig mange slitne skular, til og med dei som er stengde. Det er eit kjempeløft som står att å ta her, seier Støre.

Norske kommunar, og særleg på det oljesmurte Vestlandet, mister skatteinntekter når finanskrise og låg oljepris har gitt nedskjeringar i næringslivet.

Grep som avlastar kommunane

Schjelderup og Støre

KOMPENSASJON: Gruppeleiar i Arbeidarpartiet i Bergen, Harald Schjelderup, ønskjer at alle skulane i Bergen skal vere i god stand, men treng då draghjelp frå staten.

Foto: Leif Rune Løland

– Mi utfordring til Erna Solberg og regjeringa er om dei vil ta eit grep i budsjettet, som avlastar kommunane noko. Vi snakkar her om ungane våre og dei eldre. Det er dei grunnleggjande velferdstilboda, som kommunane må kutte, seier Støre.

– Ser du for deg full kompensasjon i forhold til det som var budsjettert?

– Akkurat korleis det skal justerast inn i 2015, det skal ikkje eg ha ein endeleg meining om no, seier Støre.

Må få hjelp av regjeringa

Men det har gruppeleiaren for Arbeidarpartiet i bystyret.

– Då finanskrisa ramma Noreg i 2008 og 2009, så kompenserte den dåverande regjeringa alt. Det må vere utgangspunktet no òg. Vi har ein situasjon der regjeringa no er veldig diffus på om dei ønskjer å gjere noko på dette, seier Schjelderup.

– No sviktar skatteinntektene fordi det er mindre aktivitet i oljesektoren, og då må vi faktisk få det kompensert av regjeringa, legg Schjelderup til.

Finansdepartementet kunne ikkje kommentere saka i går.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.