Dermed er åtte år som ordførar over for Liv Kari Eskeland frå Høgre. NRK veit at Herstad frå Arbeidarpartiet har vore i forhandlingar med Jakob Bjelland frå Senterpartiet, Torbjørn Brosvik frå KrF og Nils Magne Blålid frå SV dei siste dagane.
Forhandlingane skal ha pågått også søndag kveld, og måndag var Harry Herstad klar til å kalle inn til pressekonferanse.
Herstad ny ordførar
Der vart det offentleggjort at ein raud/grøn/gul fleirtalskoalisjon skubbar Eskeland ut av ordførarstolen.
Herstad blir ny ordførar i Stord kommune, medan Jakob Bjelland (Sp) blir varaordførar.
– Vi er nøgde fordi vi har fått ein god plattform. Vi har avklart viktige spørsmål om bemanningen i dei ulike komiteane. Dette skal bli bra, seier den ferske ordføraren til NRK.
Ap vann valet
Som grafikken over syner, vann Arbeidarpartiet kommunevalet med 31,6 prosent av stemmene. Høgre gjekk ned nesten 10 prosentpoeng til 16,4 prosent. Det er eitt av mange nederlag for Høgre, for Liv Kari Eskeland er fylkesleiar i Hordaland Høgre.
Herstad fortel at fleirtalskoalisjonen har forhandla fram ein brei politisk plattform.
– Den går ut på å stoppe privatisering og konkurranseutsetjing, og ta tenestene tilbake i offentleg regi og styrke kommunen som sjølvstendig utgreiingssorgan.
- LES OGSÅ:
– Vi vil gi signal om at løysingane fram mot auka arbeidsløyse og omstillingssignala som ligg i marknaden må skje i eit godt samarbeid mellom stat og marknad. Vi er ikkje i mot det private, men vi vil ha handa på rattet.
Koalisjonen skal også vera samde om å reversera privatiseringa av reinhaldstenestene.
Skiftar side
Både Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet sat i koalisjon med Høgre i førre periode. No har dei skifta side.
I tillegg har koalisjonen fått til eit valteknisk samarbeid med Miljøpartiet Dei Grøne og Stordlisto.
Dei seks partia har saman 24 representantar i kommunestyret. Dei fire styrande partia har 21 representantar.