Hopp til innhold

Anton (22) var om bord då trålaren grunnstøytte på Svalbard: – Det mest grufulle eg har vore med på

I 20 minusgrader og bekmørke gjekk trålaren «Northguider» på grunn i Hinlopenstredet nord på Svalbard.

Montasje, kadett og Northguider

GRUNNSTØYTT: Kadett Anton Trellevik (22) var om bord på «Northguider» då ho gjekk på grunn på Svalbard.

Foto: Olaug Spissøy Kyvik / NRK/Kystverket. Montasje: NRK

Trålaren «Northguider» frå Austevoll-reiarlaget Opilio fiska reker då dei grunnstøytte i romjula.

Onsdag var besetninga samla i lag med bedriftshelsetenesta for å snakka om det som hende.

No fortel mannskapet om dei dramatiske minuttane frå grunnstøytinga til dei vart berga av helikopter. I 20 minusgrader og mørke sende dei naudsignal til fastlandet klokka 13.22.

– Alt gjekk veldig fort, men ein tenkjer jo at dette ikkje skjer, ikkje her. Det er ein plass med dårleg kommunikasjon, det er kaldt og det er mykje isbjørn her, seier styrmann Julie Kolbeinsvik (24).

Julie Kolbeinsvik, styrmann på Northguider

STYRMANN: Julie Kolbeinsvik (24) frå Austevoll er styrmann på båten.

Foto: Olaug Spissøy Kyvik / NRK

Høyrde at det gjekk gale

Ho var på såkalla frivakt då båten grunnstøytte. Ho og fire-fem andre låg og sov i lugarane deira, medan resten av mannskapet var på jobb.

Kolbeinsvik vakna av at båten kasta på seg i sjøen.

– Ein kjenner igjen lydar i båten, og det var ikkje før eg høyrde at det ikkje gjekk an å snu båten at eg forstod at dette ikkje var så veldig bra. Det var litt kaldt den natta, så eg sov i stillongs. Eg sprang ut av lugaren og ropte at me hadde gått på grunn, seier ho.

Helikopter på veg

22-årige Anton Trellevik, kadett og andrereisgut, var i styrhuset då det gjekk gale.

– Me såg at me begynte å nærme oss land, og måtte hive opp trålen. Me gjekk ned på dekk, og då kjende eg at me gjekk på land, seier han.

Anton Trellevik (22) fra Sotra, Northguider-kadett

KADETT: Anton Trellevik (22) frå Sotra var på hans andre tur på «Northguider» då trålaren grunnstøytte.

Foto: Olaug Spissøy Kyvik / NRK

I mellom sterk kuling og storm vart alle sende opp att i styrhuset. Båten fekk slagside, og mannskapet samla seg i baugen.

Nærmaste båt er eit døgn unna, og helikopter verkar som den einaste moglegheita.

– Å få beskjed om at helikopter var på veg var den beste kjensla, den beste beskjeden å gje vidare til mannskapet, seier kaptein Arne Forland.

Trudde dei lét etter seg fire

I dramatikken som oppstod gjekk straumen, og berre instrument på naudbatteri fungerte. Trellevik meiner at straumen gjekk om lag ein halvtime før helikopteret kom. Det var mørkt ute og inne, og mykje rørsler.

Sjå video frå redningsaksjonen.

Det fyrste helikopteret kom til staden i 15-tida, over halvannan time etter naudsignalet. Ti av mannskapet vart heiste om bord, mens fire var igjen på båten. At det kom eit anna helikopter, hadde ikkje kadett Trellevik fått med seg.

– Då helikopteret kom, ville ikkje eg ta plassen til nokon.

– Kvifor ikkje?

– Eg veit ikkje, eg er berre lagd sånn, trur eg. Eg var sistemann opp i det fyrste helikopteret, for skipperen klappa meg på skuldra og sa: «No går du». Eg visste ikkje at det kom eit anna helikopter då. Å sjå døra gå igjen på helikopteret er det mest grufulle eg har vore med på. Eg trudde at vi lét etter oss fire stykke, seier han.

– Heldigvis fekk eg fort beskjed at det var eit helikopter til.