NRK Meny
Normal

– Du merkar forskjellen når straumen forsvinn

Med to dagar på rad utan straum i Lindås kommune blei kvardagen ei ny og annleis oppleving for mange. – Du får ikkje gjort noko anna enn å vente på at straumen skal kome attende, seier barnefar.

Med to dagar på rad utan straum i Lindås kommune blei kvardagen ei ny og annleis oppleving for mange. – Du får ikkje gjort noko anna enn å vente på at straumen skal kome attende, seier barnefar.

STRAUMLAUS: Amanda og fetteren Morten har hatt meir tid til å spele kort medan straumen har vore vekke.

Nils Frøseth

MATLAGING: Nils Frøseth må lage mat på stormkjøkkenet fordi straumen har gått.

Foto: Mette Anthun / NRK

Fire skular og fleire barnehagar har vore stengde på Lindås måndag, grunna straumbrot etter ekstremværet «Nina». Det gjorde at Nils Frøseth var heime med dei yngste barna.

– Det er fredeleg og roleg. Du merkar først no at du kan kose deg utan avbrytingar. Det er ingen telefonar som ringjer, og ingen datamaskin, seier han.

– Du får ikkje jobba, og du får ikkje gjort noko anna enn å vente på at straumen skal kome attende.

– Me kosar oss

Med god peisvarme i huset er konsekvensen av «Nina» ikkje så ille for familien Frøseth likevel, meiner far i huset.

– Me får tid til å kose oss. Me tar fram brettspela, les bøker, slappar av, og pratar. Me gjer alt som ikkje er data- og TV-relatert, og det er også koseleg, seier Nils Frøseth.

Medan far i huset planlegg ein enkel middag på stormkjøkkenet, får ungane i huset tid til kvarandre.

– Når du har straum legg du ikkje merke til at det er veldig mange lydar. Du høyrer forskjellen først når straumen forsvinn, seier ni år gamle Amanda Frøseth Hindenes.

– Du høyrer kva andre seier

Morten og Amanda

KORTSPEL: Morten og Amanda spelar kort, og opplever at dei høyrer betre kva andre seier når det ikkje er skjermar å kikke på.

Foto: Mette Anthun / NRK

Med svarte skjermar, utan Internett, og utan mogelegheit til å spele TV-spel, så er eit besøk frå fetter Morten Hindenes godt selskap for barna i huset.

– Det er ikkje heilt som i gamle dagar, men det er ganske greitt når me ikkje har nokon skjerm å sitte med. Du høyrer kva dei rundt deg seier, fortel 11 år gamle Morten Hindenes.

– Når straumen kjem attende gler eg meg til å få varm mat, for det har det vore lite av medan straumen har vore vekke, seier han.

Måndag kveld har mange fått straumen attende, og Lindås kommune melder om at om lag 300 husstandar i kommunen går mot ei tredje natt utan straum.

Skulane på Leiknes, Skodvin, Myking og Kløvheim har fått attende straumen, og opnar som normalt i morgon, tysdag 13. januar.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.