Hopp til innhold

Anne bur i Guds hus

På 1970-talet var det aktivitet i over tre tusen norske bedehus. I dag er mange flytta frå. Anne Hesvik flytta like gjerne inn i eitt av dei.

Anne Hesvik bor i bedehus

GUDS HUS: Bedehuset i Strandvik er frå 1929 og er blitt nytta som barnehage og ungdomsklubb. I dag er det bustadhus og atelier. – Det er litt spesielt, seier eigar Anne Hesvik.

Foto: Bo Mathys / hesvik.no

– Her skal det ikkje koma stygge gloser, sjølv om noko fell i golvet.

Kunstnar Anne Hesvik i Strandvik i Fusa kommune har valt ein noko original bustad. Stova i huset skil seg litt frå det ein gjerne finn i meir ordinære norske heimar.

Når kunstnaren lagar oljemåleri i storstova, er det ikkje med eit svart-kvitt bilete av London eller kart over New York som er veggpryd. I staden er det bibelske vers, ein talarstol og ei altertavle som pregar hjarta av huset.

Anne Hesvik

KUNSTATELIER: Det som i mange tiår lokka bedehusgjengarar til Guds hus, er i dag blitt Anne og hennar to born sitt husvære. Og Anne sitt atelier.

Foto: Privat

– Det er litt spesielt. Samstundes er eg veldig audmjuk. Eg hadde nesten litt prestasjonsangst då eg tok over, seier Hesvik.

Fråflytting over heile landet

På 1970-talet var det aktivitet i over tre tusen norske bedehus. I dag er talet truleg halvert, skreiv Aftenposten i fjor.

Same året anslo Indremisjonsforbundet at cirka 70 bedehus var blitt selt eller avvikla i deira distrikt dei siste femten åra.

Endring i infrastruktur, urbanisering og for dårleg tilvekst til å føra arbeidet vidare, er noko av grunnen, ifølgje Indremisjonen sitt medlemsblad Sambåndet.

Det er to år sidan Hesvik kjøpte det gamle bedehuset frå 1929. Då hadde huset stått meir eller mindre tomt i mange år. Sporadisk aktivitet frå ein ungdomsklubb var det einaste som vitna om liv gjennom dei originale kyrkjevindauga. Huset var på spartansk vis påbygd på 1970-talet, då ein barnehage flytta inn i kjellaren.

Men med tida har aktiviteten flytta frå bedehuset til grendehuset i bygda.

– Det var ikkje trong for bedehuset lenger. Eg trong ein stad å bu og fekk tilbod om å ta over, seier Hesvik.

Anne Hesvik bor i et bedehus

ATELIER OG STORSTOVE: Anne Hesvik kjøpte det gamle bedehuset for to år sidan. Ho er enno ikkje ferdig med dei estetiske endringane i huset. Men alterbilete av Jesus heng att – Lysrøyra skal vekk. Eg vil ha tilbake det gamle preget.

Foto: Bo Mathys / hesvik.no

– Mykje historie i veggane

Ein kreativ hjerne og eit ope sinn har vore nøkkelen for å gjera det gamle møtelokalet til ein lun heim.

– Eg kunne ikkje fått eit betre hus – og ikkje minst eit betre atelier.

Kunstnaren brukar til vanleg storsalen som atelier og arbeidsplass og opnar gjerne huset for publikum gjennom utstillingar og kunstnartreff.

Då kjem bedehuset si gamle møtebok godt med. Den er ein av fleire klenodium Hestvik har fått med på kjøpet. I den er det sirleg skrive ned kor mange kaker og kaffikanner den gamle bedehusforsamlinga trong når dei samla til treff.

Når familien skal samlast skjer det i storsalen, for Jesu åsyn – bokstaveleg talt. Hesvik vedgår at stemninga er noko høgtideleg med religiøs pryd framleis på veggen.

– Då me sat rundt borda på julaftan, slo me fast at det ikkje er kven som helst som får feira bursdagen til Jesusbarnet på julaftan. Det enda med at me song bursdagssongen før middag.