Hopp til innhold

Ankesak til Høgsterett

Bebuarane i Ladegårdsgaten meiner framleis at kommunen var for seint ute då dei anka erstatningsdommen.

Ladegårdsgaten
Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

I desember fekk bebuarane i Ladegårdsgaten 80 millionar kroner i erstatning frå kommunen på grunn av store sprekkar i grunnmuren i bygården.

Kommunen anka dommen, men bebuarane meinte anka kom for seint.

Ulike syn på ankefristen

Det store stridsspørsmålet er nemleg når ankefristen eigentleg byrja å løpe: Den dagen kommunen fekk faks og e-post om dommen, eller den dagen dei fekk ei formell forkynning og underskreiv dommen.

Bebuarane meiner det første, medan kommunen meiner det andre.

LES: Kommunen anka ikkje for seint

Til Høgsterett

Klaga på at anka kom frå seint frå kommunen, vart avvist av lagmannretten. No har bebuarane sendt ho til Høgsterett.

- Me meiner framleis at anka kom forseint. Bebuarane og bustadselskapet ynskjer at også Høgsterett vurderer denne problemstillinga, fortel advokaten til bebuarane, Eivind Pundsnes.

Dersom bebuarane får medhold i Høgsterett om at anka kom forseint, vert erstatningdommen på 80 millionar kroner til bebuarane ståande.

- Lengre saksgang

Byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland, seier ho forstår at bebuarane klagar.

– Det er ein rett dei har, som dei sjølve må vurdera om dei vil nytte. Det har dei valt å gjere, så det har eg stor respekt for, seier Mæland.

Likevel legg ho ikkje skjul på at dette vil gjera saksgangen lenger.

– Dette vil utsette moglegheitene for å koma til ei løysing og få løyst saka totalt sett, avsluttar byrådsleiaren.

Video Ladegårdsgaten i Vestlandsrevyen

SJÅ VIDEO: Vestlandsrevyen si dekning den dagen det blei klart at kommunen ville anka dommen.