NRK Meny
Normal

Vil sende Bea tilbake til vanleg skule

Elevane på spesialskulen Tveiterås skole i Bergen bør over i ordinær skule med funksjonsfriske barn. Det er anbefalinga i ein rapport frå Bergen kommune. Foreldre og rektor meiner elevane har det betre på eigen skule.

Bea Borgen

TRIVST GODT: Åtte år gamle Bea Borgen trivst godt på Tveiterås skole. Her er ho saman med assistent Norman Zachariassen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Det var ikkje noko bra for Bea å gå på ein vanleg skule. Dei var sju elevar i klassen, og ingen av dei andre elevane var på hennar nivå. Dei var rullestolbrukarar, og ho var den einaste som kunne gå, seier Sissel Borgen.

Dottera Bea er psykisk utviklingshemma og autist. Ho har forsøkt å gå i ein spesialklasse på ordinær skule, utan at mora oppleve at det fungerte.

– Ho var ofte i dårleg humør. Når Bea mistrivast lagar ho veldig mykje støy, og det gjorde ho heile tida på den skulen, fortel Sissel Borgen.

– Ho gjekk mykje for seg sjølv, seier mora.

Anbefaler å leggje ned spesialskular

Men elevar som Bea bør gå på spesialavdelingar i ordinær skule. Det er anbefalinga frå ei arbeidsgruppe som har foreslått tiltak for det spesialpedagogiske feltet i barnehagane og skulane i Bergen kommune.

Arbeidsgruppa anbefaler at kommunens siste reine spesialskule, Tveiterås skole, vert lagt ned. Gruppa har ikkje sagt noko om kor raskt ei slik nedlegging eventuelt skal skje.

I rapporten frå kommunen heiter det at «Flest mulig elever bør [..] ha et reelt tilbud om å delta i et inkluderende skolefellesskap på sin nærskole.»

Byrådet har no sendt arbeidsgruppas rapport med anbefalinga på høyring, med frist 15. februar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bea og Sissel Borgen

– HAR DET BETRE PÅ TVEITERÅS SKOLE: Bea Borgen og mora Sissel Borgen

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Moglegheita for integrering er viktig

- Me meiner moglegheita for integrering i vanlege klassar er viktig, seier Ellen Margrethe Hansen.

Ho er leiar av arbeidsgruppa i Bergen kommune, som har skrive rapporten.

– Me anbefaler at Bergen kommune i framtida ikkje har reine spesialskular, men satsar på forsterka skular. Det betyr skular med ei spesialavdeling.

– Når foreldra seier ungane ikkje fungerer i ordinær skule, korleis kan de konkludere med at inkludering i ordinær skule er best?

– Dette er motførestellingar som me inviterer folk til å komme med. Det er difor saka er oppe til høyring før det vert fatta vedtak, seier Hansen.

Inkludering fungerer ikkje for alle

Sigrun Tveitnes

INKLUDERING ER MÅLET: Men det fungerer ikkje for alle, seier rektor ved Tveiterås skole, Sigrun Tveitnes

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Tveiterås skule er nødvendig, og eit viktig tilbod til dei som går her og familiane deira, seier rektor ved Tveiterås skole, Sigrun Tveitnes.

Ho meiner inkludering sjølvsagt er målet, men at det ikkje fungerer for alle.

– Når er eit barn inkludert? Er det når det går saman med barna på nærskulen og ikkje fungerer, og barnet blir sitjande mykje på eit grupperom åleine? Eller er det når barnet får vere saman med andre barn, reelt vere saman med andre barn, på eit eige tilbod slik som denne skulen er?

Ein av dei viktigaste grunnane til å ha spesialskular er det store og erfarne fagmiljøet som konsentrerer seg om spesialpedagogikk, meiner Tveitnes.

– All tid me brukar, både når me førebur undervisning og når me førebur utviklingsarbeid, er med fokus på spesialpedagogikk.

– Ho kan ikkje vere i ein vanleg klasse

Sissel Borgen er glad for at Bea i dag går på ein spesialskule.

– Ho er mykje meir fornøgd no. Når ho kjem heim er ho smilande og blid, og meir lågmælt. Ho er i godt humør når me set ho i taxien til skulen, og i godt humør når ho kjem heim, fortel Sissel Borgen.

Ho er klar på kva dottera hennar har behov for.

– Bea kan ikkje vere i ein vanleg klasse, for ho bråkar for mykje. Og ho kan ikkje vere i lag med andre elevar fordi dei bråkar for mykje for ho. Då blir ho stressa, lagar mykje lyd og støy, og det er ikkje bra for nokon.

Sissel Borgen meiner resultatet viss Bea må inn att i ordinær skule, vil vere at dottera må vere mykje åleine.

– Då vil ho måtte vere mykje av tida for seg sjølv. Så då har du igjen ein person som følgjer ho heile tida, eige klasserom, og isolasjon. Det er ikkje bra.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.