Hopp til innhold

Erkjenner straffskuld for knivdrapet i Fyllingsdalen

Mann (51) møter i retten, tiltalt for forsettleg drap.

Kvinne knivdrept i Fyllingsdalen

BRUTALT DRAP: Rettssaka etter knivdrapet i Fyllingsdalen i desember 2014, startar i dag.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

13. desember 2014 vart etiopiske Yewhalashet Demeke Ameha (35) knivstukken og drepen på kjøkkenet i eit bufellesskap i Fyllingsdalen i Bergen. Ein 51 år gamal dansk statsborgar vart etter få minutt pågripen av politiet, sikta for å stå bak.

I september i fjor tok riksadvokaten ut tiltalen mot 51-åringen: Forsettleg drap under særskilde skjerpande omstende.

Brutalt

Det var nesten blitt midnatt då politiet fekk den urovekkande meldinga frå Vestlundveien i Fyllingsdalen, desember 2014.

Tiltalen frå statsadvokat Trond Høvik skildrar eit brutalt drap. Den etiopiske kvinna vart påført i alt 17 knivstikk over heile kroppen, og blødde i hel av skadane.

Den tiltalte budde saman med kvinna i bufellesskapet. Kvinna sin kjærast var på besøk i bufellesskapet og skal ifølge Bergensavisen ha blitt vitne til drapet. Til avisa fortel han at Ameha (35) stod og tok oppvasken, då det uverkelege skjedde.

Drap Fyllingsdalen

SKJEDDE HER: Det var nesten blitt midnatt då politiet fekk den urovekkande meldinga frå Vestlundveien i Fyllingsdalen, desember 2014.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Familie i sorg

Ameha flytta til Bergen eit halvanna år før ho vart drepen, og var elev på helsefagarbeidar-linja ved Lønborg vidaregåande skule.

Ho hadde praksis ved Domkirkehjemmet i Bergen, og kollegaer i sorg skildrar Ameha som ein varm og omsorgsfull person.

Advokat Per-Erik Gåskjenn er bistandsadvokat for den avdøde si mor.

– Tapet av dottera har vore ei stor påkjenning for mora i Etiopia og for familien elles. Dei er tilfredse med at straffesaka snart kan koma til ei avslutning, seier Gåskjenn til NRK.

Rømde frå dom i Danmark

Den tiltalte er opphavleg frå Sri Lanka, men har dansk statsborgarskap. Han var ingen kjenning av politiet i Norge frå før, men i Danmark er 51-åringen dømd for tre overgrep, skriv Dansk Radio.

Først då han jobba som taxisjåfør. Ni år seinare, i februar 2013, vart han dømd for seksuelle overgrep mot to utviklingshemma kvinner som han var assistent for.

51-åringen vart dømd til psykiatrisk behandling. Men han klarte å unngå dommen ved å flytte til Norge, der dansk lov ikkje gjeld, skriv DR.

Erkjenner straffskuld

I Norge fortel naboane i bufellesskapet i Fyllingsdalen om eit anstrengt og vanskeleg forhold mellom kvinna og den tiltalte. Bebuarar skal tidlegare ha kontakta politiet fordi 51-åringen oppførte seg trugande.

Då rettsaka byrja i Bergen tingrett måndag, svara den tiltalte at han erkjenner straffskuld etter tiltalen.

Det er sett av åtte dagar til rettssaka i Bergen tingrett.