NRK Meny
Normal

Amalie-saken opp på Stortinget

«Amalie» sine menneskeretter kan ha blitt brotne då ho blei tatt frå familien, fire månader gammal. No er saka tatt opp på Stortinget.

Amalie

TATT FRÅ FAMILIEN: «Amalie» blei skilt frå foreldra og plassert hos framande, utan at barnevernet undersøkte om det var andre i familien som kunne ta seg av ho. No er saka tatt opp på Stortinget.

Foto: Privat

Freddy de Ruiter

TIL STORTINGET: Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter tar opp Amalie-saka i eit brev til Stortinget.

Foto: Svein Sundsdal

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, tok opp «Amalie»-saka i eit brev til Stortinget i dag.

– Barnevernet har ein krevjande og viktig jobb. Vi må leve med at barnevernet kan gjere feil, men alt må gjerast for å redusere feilprosenten, seier han i brevet.

– Gale avgjerder kan bety å ikkje gripe inn, eller å feilaktig gripe inn. Tilliten til barnevernet avheng av lav feilprosent, men ikkje minst å innrømme og rette opp egne feil, legg han til.

Freddy de Ruiter viser til omfattande dokumentasjon «Amalie»-saka, både i NRK Brennpunkt tidlegare i år og på nrk.no den 18. oktober.

Skilt frå familien

I all hast blei «Amalie» skilt frå foreldra og plassert hos framande, utan at barnevernet undersøkte om det var andre i familien som kunne ta seg av ho.

NRK har avdekka at vesentleg dokumentasjon ikkje blei lagt fram då jenta si framtid skulle avgjerast, og at staten sletta dokumentasjon i saka.

Jusprofessor Mons Oppedal meiner saka er så mangelfullt greia ut at det kan vere brot på menneskerettane.

Må svare for seg

Freddy de Ruiter stilte følgande spørsmål til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren:

«"Amalie"-saken fra Bergen er en slik sak, hvor mange eksperter hevder at det har skjedd omfattande feil. Hva kan statsråden gjøre for at man snur alle steiner i denne og liknende saker?»

I NRK-saka frå tidlegare i oktober konkluderer fleire ekspertar med ei rekke manglar i utgreiinga som førte til at «Amalie» vart skilt frå familien sin, noko Freddy de Ruiter følgjer opp i sitt brev.

«Deres konklusjoner sår sterk tvil til håndteringa av denne saken. På tross av denne mektige motdokumentasjonen, er det ingen tegn til at barnevernet er villige til å ta noe selvkritikk.»

Skriftlege spørsmål skal svarast på innan seks dagar.

Svarte NRK

Solveig Horne

SVARTE NRK: Barne-, likestillings- og inkluderingsminister, Solveig Horne svarte NRK om kritikken rundt «Amalie»-saka.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister, Solveig Horne, kan ikkje kommentere enkeltsaker, men kan uttale seg på generelt grunnlag.

Ho svarte følgjande om barnevernssaker som gjeld omsorgsovertaking:

– I slike saker er det fylkesnemnda som tar avgjersla. Barnevernstenesta skal greie ut saka grundig før saka blir lagt fram for nemnda, seier Solveig Horne.

– Fylkesnemnda har på si side eit overordna ansvar for at saka er tilstrekkeleg opplyst før vedtak blir gjort. Dersom dei opplysningane barnevernstenesta legg fram for nemnda er mangelfulle, må nemnda sørge for at saka blir betre opplyst, seier ho.

Set i gang evaluering

Solveig Horne legg vekt på at ho er opptatt av rettstryggleiken for barna og familiane.

Ho har sett i gang ein evaluering av fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, og mottar ein sluttrapport i februar 2015.

– Evalueringa skal blant anna sjå rettstryggleik, ressursbruk og organisering i samanheng. Det er potensial for betringar, seier ho.

– Dette gjeld både organisering og ressursutnytting, men også kvaliteten på det arbeidet som blir gjort i nemndene. Her snakkar me om sårbare barn og familiar, seier Horne.

– Skal vurdere nettverk

I «Amalie» si sak undersøkte ikkje barnevernet kva barnet sin eigen familie kunne bidra med før barnet blei akuttplassert i ein framand fosterheim.

Ifølge jusprofessor Mons Oppedal er dette eit truleg brot på barnets menneskerettar, ifølge den Europeiske menneskerettskonvensjonen, artikkel 8.

– Barnevernstenesta skal alltid skal vurdere om nokon i barnets familie eller nære nettverk kan brukast som fosterheim, seier Solveig Horne.

– Barnet sine foreldre skal ha moglegheit til å få uttale seg om val av fosterheim, og deira meining skal takast med i barnevernstenesta si vurdering. Dette står klart i lovverket, seier Horne.

– Skal ta vare på dokument

I «Amalie»-saka har Bufetat sletta dokumentasjon for sine konklusjonar i utgreiinga av familien.

Ifølge jussprofessor Mons Oppedal er dette både lovbrot og menneskerettsbrot.

Bufetat meiner slettinga var lovleg.

– Barna og foreldra si rettstryggleik skal alltid takast vare på. For å sikre ei forsvarleg behandling er det viktig at dokument i ein barnevernssak oppbevarast, seier Solveig Horne.

– Foreldre skal få innsyn i opplysningane som finst i saka og mogelegheit til å imøtegå desse, seier ho.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.