Hopp til innhold

Alvorleg skadd i MC-ulukke

Ein motorsyklist har kjørt i ein fjellvegg på Straume i Fjell. Den mannlege føraren er henta av ambulanse, og frakta til Haukeland sjukehus. Mannen skal vera alvorleg skadd. – Ulukka skjedde på ein lokal veg, og det var ingen andre involverte, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.