Hopp til innhold

Alvorleg for 40-åring etter ulykke

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tilstanden for ein 40-åring som blei skadd i ei kite-ulykke er alvorleg.

Ulykka skjedde ved Berakupen i Eidfjord kommune i Hordaland i 18-tida tysdag.

Tilstanden var kritisk fram til i føremiddag, då sjukehuset endra tilstanden til alvorleg.

Sjukehuset brukar tre kategoriar når dei opplyser om tilstand: Lettare, alvorleg eller kritisk.

Verken politi eller andre redningsetatar var informerte om ulykka, og derfor finst det lite informasjon om hendinga.

Kiting er å stå på ski eller snowboard med eit slags segl som framdrift (sjå faktaboks nedanfor).