Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter fallulukke

Ein 67 år gammal mann er alvorleg skadd etter ei fallulukke i Etne i går kveld. Mannen skal ha falle tre til fire meter ned på betongdekke.

Etne

ALVORLEG SKADD ETTER FALL: Mannen skal ha falle tre til fire meter ned på betongdekke.

Ein 67 år gammal mann er alvorleg skadd etter ei fallulukke på Grindheim i Etne kommune i går kveld. Mannen skal ha falle tre til fire meter ned på betongdekke.

– Det er ei fallulukke som me kjem til å etterforske nærmare, seier operasjonsleiar Jarle Utne Reitan i Haugaland politidistrikt.

– Mannen skal ha gått ut ei dør og ut på ein stad der det tidlegare har vore ein terrasse. Men no var terrassen tatt bort, og mannen fall då ned på betongdekke.

Ulukka skjedde ikkje heime hjå mannen sjølv.

Tilstanden er alvorleg, men stabil

Politiet fekk melding om ulukka 02.34. Mannen blei henta i luftambulanse og frakta til Haukeland sjukehus. Han ligg no på intensivavdelinga.

Mannen har etter det politiet kjenner til skader i hovudet. Tilstanden er alvorleg, men stabil.

Vindafjord lensmannskontor etterforskar ulukka vidare, men dei har ikkje mistanke om at fallet skuldast noko anna enn ei ulukke.