NRK Meny
Normal

– Tapa kan bli store for Mongstad dersom det blir streik

Ved midnatt blir det klart om sjøoffiserar og maskinistar i heile landet blir tatt ut i streik. – Skjer det, er det alvorleg for oss, seier informassjonssjef i Statoil Morten Eek.

Mongstad

EIN STREIK VIL RÅKE MONGSTAD: Tapa kan bli store for bedrifta som i fleire år har slite med økonomien. – Me følgjer nøye med fram mot midnatt, seier informasjonssjef i Statoil Morten Eek.

Foto: Kyllingmark, Chris / SCANPIX

Morten Eek

– EIN STREIK ER ALVORLEG: Det seier informasjonssjef i Statoil, Morten Eek.

Foto: Øyvind Hagen / Statoil

Det kan gå mot streik for maskinistar og sjøoffiserar. NHO Sjøfart, Maskinistforbundet og Norsk Sjøoffisersforbund har frist til midnatt til å komme fram til ein ny arbeidsavtale. Då må partane bli einige, elles blir det streik.

Statoil Mongstad er ei av bedriftene som kjem til å bli råka dersom partane ikkje blir einige før meklingsfristen går ut.

– Ein streik blant maskinistane kan medføre store tap for Mongstad, seier informasjonssjef i Statoil, Morten Eek.

Bedrifta har hatt dårlege driftsresultat, og varsla i mars at dei vil kutte 200 årsverk dei neste tre åra. Dette kjem på toppen av 250 årsverk som er fjerna dei siste fire åra.

– Mongstad raffineriet har hatt fleire år med store tap og nedskjeringar. Dersom me no må stoppe deler av aktiviteten, i verste fall stenge ned deler av anlegget vil det føre til ytterlegare tap. Å tape endå meir pengar no vil vere alvorleg, seier Eek.

Vil søke dispensasjon frå streiken

Mongstad er avhengige av tenestene frå slepebåtar dei leiger inn. Dersom maskinistane som jobbar på desse båtane blir tatt ut i streik vil trafikken på Mongstad hamn stoppe opp.

– Me følgjer nøye med fram mot midnatt, og håpar at dei vil komme fram til ei løysing, seier informasjonssjef Morten Eek.

– Skulle det bli streik vil me søke dispensasjon frå streiken.

LES OGSÅ: – Mongstad usikkert etter 2017 - Hordaland

Siste video

Da Tony Martin syklet opp Fløyen grep politiet inn mot en tilskuer som kom for nærme.
Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.