Sjalusi skal vera årsaka til knivstikkinga, melder både Bergensavisen og Bergens Tidende i dag.
Ikkje avhøyrte
Lensmannen i Fana, Norvald Visnes, vil ikkje stadfesta dette overfor NRK, og viser til at korkje offer eller gjerningsmann førebels er avhøyrte av politiet.
Det blir først seinare i dag avgjort om 18-åringen, som er pågripen for knivstikkinga, skal framstillast for varetektsfengsling.
Slagsmål
Det er på det reine at knivstikkinga skjedde etter at det oppstod eit slagsmål mellom offer og gjerningsmann. Dei var begge var på besøk hjå ei 15 år gamal jente.
Begge gutane skal ha kjent jenta, og også vore på besøk heime hjå ho tidlegare.
15-årig jente melde frå
Men det skal aldri før ha vore noko konflikt mellom offer og gjerningsmann.
Den 15 år gamle jenta var vitne til knivstikkinga, og det var også ho som varsla politiet.