Hopp til innhold

ALVORLEG FOR 79-ÅRING:

Tilstanden til den 79 år gamle mannen som blei skadd i ei trafikkulukke i Fusa er alvorleg. Ulukka skjedde på fylkesveg 549 like etter klokka 14.00 i går og Haukeland sjukehus meldte i går ettermiddagen at tilstanden til mannen var kritisk. Helse Bergen melder i ei pressemelding i dag at tilstanden til 79-åringen no er alvorleg.