Hopp til innhold

Elkem seier opp 30

30 tilsette må gå frå industriverksemda i Ålvik.

Arbeider ved Bjølvefossen smelteverk

SEIER OPP: Produksjonen ved ein omn stansast ved Elkem Bjølvefossen. 30 tilsette må no gå.

Foto: NRK

Industriverksemda Elkem Bjølvefossen må seie opp 30 tilsette over nyttår.

Verksemda driv produksjon av støyperiprodukt. Ein av omnane som produserer ferrosilisium magnesium skal stansast og det får konsekvensar for dei tilsette.

Tilsett i sommar - må gå no

- I løpet av hausten og dei siste månadene har eksportmarknaden verkeleg slått seg vrang og derfor må vi redusere produksjonen tilsvarande ein omn på Bjølvefossen, seier administrerande direktør Frode Nummedal til NRK.

Så seint som i haust utvida Elkem Bjølvefossen produksjonen sin til tre omnar, og det er fleire av dei som då vart tilsett som no må gå.

- Vi må seie opp ein del av dei som vart tilsett i haust og sommar, seier Nummedal.

Tru på framtida

Bemanninga vil no gå tilbake til slik den var tidlegare i år, med rundt 150 tilsette.

Nummedal er likevel optimistisk med tanke på framtida.

- Vi har stor tro på at ei ny satsing innan håndtering av avfall frå aluminiumsindustrien vil bidra til å gjere verksemda levedyktig, seier direktøren.

Han fryktar ikkje nye oppseiingar i framtida.