Landstyret i Framstegspartiet har bestemt at Terje Søviknes skal toppe Frp-lista i Hordaland. Haoko Tveitt frå Kvam som er talsmann for dei som står bak den alternative lista, seier dei ikkje ynskjer Søviknes.
Søviknes og Hagen
Årsaka er at Søviknes stiller seg bak og støttar det Tveitt kallar overdriven sentralstyring frå Carl I. Hagen.
- Denne måten å leie partiet på, høver ikkje med det Framstegspartiet me har meldt oss inn i, seier Tveitt.
Snytt på Os
Tveitt meiner også at dei mange som har stemt på Framstegspartiet i Os, vil kjenne seg snytt dersom Terje Søviknes forsvinn til Stortinget alt neste år.
- Då må Søviknes overlata roret til Høgre på Os og dei vil få æra eller skulda, alt etter korleis det går i kommunen, seier Tveitt.
Og dermed er det duka for eit heftig møte når Hordaland Framstegsparti samlar seg til nominasjonsmøte 27. januar.