NRK Meny
Normal

Alta-aksjonistar inn i mastekampen

Hardangeraksjonen utvidar, og no kastar gamle radikale Alta-aksjonistar seg inn i kampen.

Arne Andersen

Arne Andersen (lite bilete) har allereie vore med på aksjonar, blant anna på Rong. No har han og andre «gamle radikale» stifta lokallag for Hardangeraksjonen.

Foto: Hallstein Djukastein Mala/Arnstein Karlsen

Gamle radikale har grunnlagt lokallag av Hardangeraksjonen på Voss. Dei vil gjerne delta i framtidige aksjonar, men ei utfordring blir om helsa held.

– Det kjem litt an på om det er mobildekning eller ikkje. Eg har hatt litt trøbbel med hjarta, så eg vil ikkje vera meir til bry enn til gavn, seier Arne Andersen

Og då meiner han for dei unge aksjonistane i Hardanger. For Statnett vil han gjerne laga så mykje bry som mogeleg.

Deltok i lenkegjengen

Arne Andersen er ein erfaren aksjonist. Han deltok i lenkegjengen i Alta tidleg på 80-talet, og han meiner Alta-aksjonen og Hardangeraksjonen har mykje til felles.

– Det ligg ikkje så mange etniske minoritetar nede i fjorden, det er ulikskapen. Det er ikkje behov for denne krafta, og det var det heller ikkje i Alta, seier Arne Andersen.

LES OGSÅ:

Betre organisering på Voss

Andersen har alleie vore med på fleire aksjonar mot bygginga av mastene i Hardanger.

– Gamle raddisar har vore med og aksjonert nede ved fjorden, og me har vore med på å aksjonera på Rong . Me har vore med på aksjonane, men det har ikkje vore noko organisatorisk kraft her på Voss, seier Arne Andersen.

– No tenkjer me å organisera dette litt betre på Voss enn det som har vore tilfellet dei siste månadane, forklarer Andersen.

– Påverkar ikkje Statnett

Statnett har få kommentarar til at gamle radikale kastar seg inn i kampen.

Kvamme i intervju

Synnøve Kvamme er sterkt engasjert i Hardangeraksjonen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

– Dei må gjerne få så mange medlemmer dei berre vil. Dette er eit heilt frivilleg engasjement og påverkar ikkje Statnett sitt arbeid, opplyser Statnett til NRK.

Aksjonist Synnøve Kvamme er glad for å få dra-hjelp frå erfarne aksjonistar.

– Det er supert. Det er kjempe kjekt å sjå at folk framleis tar initiativ til å fortsetta kampen.

Trur ikkje utbygginga blir stoppa

Alta-aksjonistane klarte ikkje å stoppa utbygginga. Det kan bli vanskeleg også i Hardanger, trur Andersen.

– Skulle ikkje det gå så må me rett og slett yta vår skjerv til at dei ikkje skal halda på med denne uvettige påkøyringa si andre stadar, seier Arne Andersen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen