Av Guro Mjanger og Eli Bjelland
Dermed blir det svært vanskeleg for Statnett å unngå dette alternativet.
- Det er jo ein svært positiv start for oss i folkeaksjonen, som er mot linja, seier leiar Claus Rasmussen.
Klar melding frå kommunane
Etter at saka no har vore på høyring i ulike instansar er meldinga svært klar. Både Eidfjord, Ulvik og Kvinherad ønskjer sjøkabel.
Kvam kommune har bedt om ein utvida frist til å komma med tilrådinga si, men det er grunn til å tru at også dei ønskjer sjøkabel.
I tillegg har reiselivsnæringa, Naturvernforbundet og andre interesseorganisasjonar sagt klart ifrå at sjøkabel er det einaste rette.
Sjøkabel for dyrt
Kommuikasjonsdirektør i Statnett, Tor Inge Akselsen, seier det er uheldig at tilråingane er så einspora.
- Me trur det ville vore ein fordel om ein i tillegg hadde kome med innspel på kva som ville vore dei beste alternativa, også dersom ein landar på ei luftspent kraftlinje, meiner han.
Byggestart i 2008
For sjølv om nesten alle som har uttalt seg om saka ønskjer sjøkabel, er det ikkje sikkert det blir slik.
- Dersom det då viser seg at ein sjøkabel ikkje lar seg gjennomføra innanfor den økonomiske ramma så har me ei stor utfordring. Då kan det vera at det går mot ei luftledning, seier Akselsen.
Utbyggjinga av kraftlinja vil starta tidlegast i 2008. Claus Rasmussen seier Folkeaksjonen mot kraftlinja vil følgja nøye med kva som skjer framover.