Hopp til innhold

Alle helikoptra til Nordsjøen står

På grunn av lyn og torevêr flyr ikkje helikoptra til oljeplattformane i Nordsjøen tirsdag. No håpar dei å komma igong igjen med trafikken onsdag morgon.

Tor Einar Nilsen og Fredrik Terjesen på Heliporten i Bergen

Tor Einar Nilsen og Fredrik Terjesen får ikkje fly til Nordsjøen på grunn av det dårlege veret.

Foto: Kristine Askvik / NRK

Vêret skapar problem over heile Vestlandet. Tysdag morgon var det straumstans over store delar av Hordaland, og også Flesland lufthamn mista straumen .

No er helikoptertrafikken til Nordsjøen stansa på Flesland, Sola, Kristiansund og i Florø. Om lag 1500 passasjerar er dermed lynfast.

Informasjonssjef i Statoil, Ola Anders Skaugby, fortel at dei truleg må venta til i morgon med å få oljearbeidarane til og frå jobb.

– No vil me følgja værutsiktane nøye framover og gjere fortløpande vurderingar, så håpar me å vera i gong igjen i morgon, seier han til NRK.

Aukar antall turar

Han håpar at dei får tatt igjen nokre flygningar når dei kan starta opp igjen.
Skaugby seier torsdag at dei har planlagd å fly inn det tapte i morgon, og reknar med å hente seg inn på alle rutar utanom i Bergen.

– Får Flesland har me normalt 30-35 turar til vanleg, i morgen vil me prøva å få til 50 turar, sier han.

Likevel vil ikkje det vera nok til å få frakta alle som skal att og frem til Nordsjøen. Det heile er også avhengig av at ein kommer i gong frå morgonen av.

Ventar til veret betrar seg

– Me kom ikkje i gang i dag tidleg på grunn av lynaktivitet. No avventar me situasjonen og ser om veret betrar seg, fortel leiar ved operasjonssenteret, Jan Erik Price

Nordsjøarbeidarane som i føremiddag stod i kø utanfor helikopterterminalen på Sola har god tru på at vêret skal letta. Men om det ikkje skulle skje er det alltid noko å ta seg til:

– Det er nok mange som kunne tenkja seg å koma tilbake til familien, eg for min del kunne godt tenkt meg å tatt ei øl, seier Glen Isachsen.

Video Helikopterkø på Sola

På Stavanger lufthamn Sola var det godt humør i køen av nordsjøarbeidarar tysdag føremiddag.

Har venta lenge

Tor Einar Nilsen og Fredrik Terjesen står tysdag morgon fast på helikopterterminalen på Flesland.

– Me anar ikkje når me kan få koma oss avgarde, seier dei.

Nilsen frå Tønsberg og Terjesen frå Kristiansand skal begge til oljefelta Grane og Oseberg.

– Eg venta her i går også på grunn av tåke. Det er utruleg keisamt å venta, seier Nilsen til NRK.no.

Torfinn Aasen

ÅT FRUKOST PÅ FLESLAND: Torfinn Aasen kjem seg ingenstads, men lir ikkje noko naud på Flesland.

Foto: Kristine Askvik / NRK

Ein annan som ikkje kjem seg nokon stad, er Torfinn Aasen.

– Korleis er det å sitja her og vente?

– Det går greitt. Så lenge me får info, er det behageleg her. Mat har me jo også, så det går heilt fint, seier han.

Ventar også i Nordsjøen

I Nordsjøen sit Rolf Bakkerud frå Seim i Nordhordland som er plassleiar på Gullfaks A for Aker Solutions. Han skulle ha reist heim til familien i dag, men fortvilar ikkje over å sitja vêrfast i Nordsjøen.

– Dette tar me med godt humør. Vi har vore utset for tilsvarande mange gonger, så dette går helt fint, seier han til NRK.

Han fortel at dette er ein del av risikoen ved å jobba i Nordsjøen.
– Dette er me klar over og lev etter, seier han.

Ikkje uroa

– All trafikken vår står i dag. Det er ikkje venta at vêret vil betra seg med det første, fortel dagleg leiar i CHS Helikopter Service, Geir Tynning.

Dagleg leiar i CHS Helikopter Service, Geir Tynning, er så langt ikkje uroa over situasjonen.

– Om våren er det tåke, om sommaren lyn og torden, og om vinteren ising. Så dette er ein del av det å driva med helikopter, seier han.

Uveret mot kysten

Flykonsulent Bjørn Erling Bjørnerud ved Vervarslinga i Hordaland fortel at situasjonen ser ut til å betra seg ved Flesland.

– Akkurat no ser det ut til at torevêret flyttar seg mot kysten. Det vil derfor snart vera mogeleg å fly igjen, fortel han.

Han oppmodar likevel flygarane til å følgja med på radaren.

– Skyene flyttar seg raskt, så det er vanskeleg å seie om det er sikkert, seier han.

Ved Sola vil han derimot ikkje råde dei til å fly.

– Nei, akkurat no er det risiko for torden ute i havet, og dette laget spreiar seg mot Sola. Her må dei venta lenger, seier flykonsulenten ved Vervarslinga.