NRK Meny
Normal

Alle bryt lova i behandling av blodforgifting

Pasientar med alvorleg blodforgifting blir undersøkt av lege for seint. Helsetilsynet fann brot ved 24 akuttmottak over heile landet. – Svært alvorleg.

Pasient på sykehus

OVER EIN TIME: Pasientar som kjem inn med teikn på alvorleg infeksjonssjukdom som blodforgifting skal ifølge nasjonale retningslinjer få anitibiotikabehandling innan maks ein time. Alle dei 24 akuttmottaka hadde svikt på dette området.

Foto: SCANSTOCKPHOTO

– Dette er svært alvorleg, for det dreier seg om ein alvorleg infeksjonssjukdom som i verste fall kan medføra død dersom behandlinga ikkje blir igangsett til riktig tid, seier avdelingsdirektør i Helsetilsynet, Ragnar Hermstad.

For første gong er det blitt gjort tilsyn på gjenkjenning, observasjon og behandling av alvorleg blodforgifting ved sjukehusa i Noreg.

Fylkesmennene gjennomførte tilsyn ved 24 akuttmottak. Helsetilsynet har vore innom alle helseføretaka i landet, og nyleg var alle rapportane klare:

– Praktisk talt alle akuttmottak hadde svikt med tanke på å tidsnok få undersøkt pasienten idet han kjem til akuttmottaket, fortel Hermstad.

Ragnar Hermstad, Statens helsetilsyn

Avdelingsdirektør i Helsetilsynet, Ragnar Hermstad.

Foto: Statens helsetilsyn

I tillegg tar det for lang tid før behandling blir sett i gang – særleg på pasientar med alvorlegast sjukdom.

Må setja i verk tiltak

Pasientar som kjem inn med teikn på alvorleg infeksjonssjukdom skal ifølge nasjonale retningslinjer få anitibiotikabehandling innan maks ein time.

– Alle akuttmottaka hadde svikt på dette området. Pasientar med teikn på alvorleg infeksjonssjukdom fekk ikkje antibiotikabehandling tidsnok, fortel Hermstad i Helsetilsynet.

Rapporten for helseføretaket i ditt fylke kan du finna på Helsetilsynet sine nettsider.

Les òg:

No må sjukehusa gjera tiltak.

– Dette gjeld både at sjukehusa tar imot pasientane på ein skikkeleg måte, at pasientane blir undersøkte i tilstrekkeleg grad av sjukepleiar og lege, og at behandlinga med antibiotika blir sett i gang når det er trong for det.

Fylkesmennene skal gjera oppfølgingstilsyn åtte og 14 månader etter første tilsyn.

– Me har tillit til at helsetenesta vil gripa fatt i dette og gjera noko umiddelbart, slik at ein unngår liknande tilfelle framover, seier Hermstad.

Jobbar med å betra rutinane

Tilsynet ved Haukeland universitetssjukehus viste at mange av pasientane fekk for sein oppstart av antibiotika. I tillegg var overvakinga av pasientane medan dei venta i akuttmottaket for dårleg.

No jobbar sjukehuset med å betra praksisen, fortel direktør for medisinsk avdeling.

Lars Birger Nesje

Avdelingsdirektør for medisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus, Lars Berger Nesje.

Foto: Helse Bergen

– Som oppfølging av tilsynet produserte infeksjonsseksjonen ganske umiddelbart ei sjekkliste med viktige akuttiltak og loggføring av kritiske tidspunkt. Denne blei raskt tatt i til bruk, fortel Lars Berger Nesje.

Ifølge Nesje er overvakingsrutinane for pasientar i akuttmottaket med blodforgifting betra. I tillegg arbeider sjukehuset med betre rutinar for oppfølging av pasientar med mistenkt blodforgifting.

– I mars melde revisjonsteamet at forholda var betydeleg betre. Men det var framleis nokon pasientar som måtte vente meir enn ein time etter innkomst før dei fekk antibiotikabehandling, fortel Nesje.

Sjukehuset arbeider difor vidare med å betra mottaksrutinane.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.