Hopp til innhold

Aleksandra (18) vann talekonkurranse med rørande historie om organdonasjon

BERGEN (NRK): – Viss du melder deg som organdonor, kan du redde ikkje berre eitt, men sju liv.

Aleksandra Olsen vann Ta ordet 2017

PERSONLEG: Med si tale om systera som ventar på ei nyre, vann Aleksandra Olsen årets Ta ordet-konkurranse.

Foto: Elise Angell / NRK

Med ei personleg historie om organdonasjon vann Aleksandra Olsen frå Ålesund talekonkurransen «Ta ordet».

18-åringen fortel at ho var svært nervøs i forkant av finalen, der ho konkurrerte mot fem andre elevar frå vidaregåande skular på heile Vestlandet.

– Det var nervepirrande, og skummelt, men eg meiner bodskapen er viktig, så det var ei fin oppleving også, seier den glade 18-åringen.

Sjå og høyr heile talen til Aleksandra:

Med ei rørande tale om organdonasjon vann 18-åringen talekonkurransen

Tok utgangspunkt i systera

I tala fortel ho nemleg om syster si, som har ein nyresjukdom. Ein dag vil ho trenge ei ny nyre.

Viss ho ikkje får det, vil ho døy.

– Viss du melder deg som organdonor, kan du redde ikkje berre eitt, men sju liv, seier Olsen i tala.

Ho trur systera er stolt over at ho vann konkurransen.

– Ho vert nok utruleg stolt no, ho har vore det heile tida. Eg trur det er jubel i stova heime, seier Olsen.

– Berre dyktige deltakarar

Professor ved institutt for informasjons- og medievitenskap på UiB, Anders Johansen

VANSKELEG: Det var ikkje enkelt å vele ut ein vinnar, fortel juryleiar Anders Johansen.

Foto: Elise Angell / NRK

Dei seks finalistane måtte gjennom eldprøva i Universitetsaulaen til UiB denne kvelden, og juryleiar Anders Johansen skryt hemningslaust av deltakarane dette året.

– Det var ei vanskeleg avgjersle. Alle er svært dyktige, men til slutt vart me samde om at Aleksandra trekte det lengste strået, seier han.

Juryen, som bestod av Siri Lill Mannes, Joachim Laberg og Liv Skotheim i tillegg til leiar Johansen, meiner vinnartala trekk fram verdiar på ein svært tankevekkande måte.

– Eg trur alle i salen tenkte at dette er noko som vedgår dei, seier Johansen, som er professor ved institutt for informasjons- og medievitskap på UiB.

Læraren vart rørd

Solfrid Viset

KRY: Lærar Solfrid Viset vart frykteleg stolt då Aleksandra vann.

Foto: Elise Angell / NRK

Også læraren til Aleksandra, Solfrid Viset, vart frykteleg stolt då vinnaren vart kåra.

– Det er eit slikt augeblikk der ein ikkje tenker, men føler. Eg vart veldig rørd då Aleksandra vann, fortel ho.

Viset meiner dette gjev motivasjon for neste års konkurranse.

– Endeleg går det an å konkurrere i norskfaget utan at det er kjedeleg, seier ho.