Kvamsdal er aleineforsørgar for dottera si på tre år og studerer fulltid. Då ho byrja på studiet sitt på den private NLA Høgskolen i 2017, søkte ho om overgangsstønad frå Nav. Det blei innvilga.
I oktober 2017, etter studiestart, fekk ho telefon frå Nav om at stønaden ville bli avslutta.
– Det var eit kraftig nederlag å få den beskjeden. Eg hadde nett byrja på eit nytt studium og var hundre prosent aleineforsørgar for dottera mi, seier Kvamsdal opprørt.
For å få overgangsstønad til utdanning ved private utdanningsinstitusjonar, må ein ha særskilt grunn, opplyser direktør Grethe Børsheim i Nav Klageinstans. Dette kan til dømes vera at personen ikkje har gode nok karakterar til å komma inn på ein offentleg skule.
Kvamsdal valde NLA framfor Universitetet i Bergen, som er offentleg, mellom anna fordi studiet på NLA var utan praksis.
– Dersom eg skulle gå ut i praksis mange veker kvart semester, ville den eitt år gamle jenta mi måtta vera åtte til ni timar i barnehagen, sidan eg er einsleg forsørgar. Både fastlegen min og helsestasjonen rådde meg frå dette, seier ho.
Det lokale Nav-kontoret vurderte i 2017 at utdanninga hennar var naudsynt og hensiktsmessig for å få arbeid. Ho fekk dermed innvilga stønaden.
Nav Arbeid og Ytelser kom til ein annan konklusjon. Dei meinte ho ikkje hadde særskilt grunn til å velja privat skule.
Børsheim viser mellom anna til at praksisordninga ved UiB må kunna kombinerast med aleineomsorg for barn.
Tek sjølvkritikk
– Det blei aldri nemnt at ein måtte ha særskilt grunn for å gå på privatskule. Eg fekk ikkje den informasjonen eg trong, seier Kvamsdal.
Ho fortel at ho ringde til Nav mange gongar før studiestart for å få opplysningar om vilkåra for denne type stønad.
Kvamsdal anka saka til Trygderetten. Dei var einige med Nav og slo i juni 2019 fast at ho ikkje hadde rett til overgangsstønad.
– Men trygderetten påpeika at Nav-kontoret hadde gitt Kvamsdal manglande rettleiing, og me er einige i at Nav må ta sjølvkritikk på dette, seier Børsheim.
– Urettferdig behandla
Kvamsdal fortel at fleire NLA-studentar ho har vore i kontakt med, og som berre har 50 prosent omsorg for barna sine, får overgangsstønad. Årsaka skal mellom anna vera at dei ikkje har gode nok karakterar til å koma inn på offentleg skule.
– Eg syns det er flott at dei andre får stønaden. Men det er merkeleg at eg som er 100 prosent einsleg forsørgar og tar dei vala eg meiner er best for barnet mitt, ikkje skal få det, seier ho.