Hopp til innhold

Aldri før har kommunen mottatt fleire klager frå bergensarar

600 bergensarar vil vera med og bestemma korleis Bergen skal sjå ut. Det er ny klagerekord.

Mette Iversen, prosjektleiar i kommuneplanen for Bergen.

MOTTATT INNSPEL: Mette Iversen er prosjektleiar i kommuneplanen for Bergen. Ho har tatt vare på dei 600 skriftlege innspela mellom to permar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

«Kommuneplanens arealdel 2016» høyrest kanskje byråkratisk og kjedeleg ut, men det engasjerer. For aldri før har så mange bergensarar sendt inn si skriftlege meining om ei kommunal sak.

Heile 600 innspel om arealplanen for byen for dei neste 10 åra er bergenshistorisk rekord.

– Eg trur befolkninga er i ferd med å vakna. Byen er 950 år gamal og no skal den bli endra totalt på veldig mange plan. Det reagerer vi på, seier Trond Lexau i Fantoftåsen Velforening.

Han er ein av dei som har protestert mot planforslaget. Lexau vil ikkje ha fortettinga som byrådet planlegg mange stader i Bergen. Han meiner byhistoria blir sprengt vekk og blokkene stenger utsynet.

Trond Lexau

PROTESTERER: Trond Lexau i Fantoftåsen Velforening er ein av mange som protesterer mot planforslaget til byrådet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

To heile permar med innspel

– Så mange innspel har vi aldri fått før og det er flest av dei kritiske. Det er eit lite fåtal som meiner planane er kjempebra, men det er ofte eit «men» bak desse, seier Mette Iversen, prosjektleiar for kommuneplanarbeidet i Bergen kommune.

Ho byrja å skriva ut alle innspela, men innsåg at 600 blei for mykje papir.

– Etter å ha fylt to permar gav eg opp. Eg nøyer meg med å ha innspela digitalt.

I dobbelt så store Oslo fekk dei inn under halvparten så mange.

– Vi trur engasjementet er så stort fordi vi har hatt informasjonsmøte i alle bydelane. Då når vi folk vi normalt ikkje gjer, seier Iversen.

Mange av klagene gjeld for sterk fortetting.

– Folk uroa for at det skal bli bygd opp blokker og at villaer skal bli rivne.

Mange klagar også på å få steinmassedeponi i nabolaget, med støv-, støy- og trafikkplager. Og mange protesterer mot at tidlegare planar for store bustadområde er fjerna for heller å samla utbyggingane nærare kollektivtraséane.

På nettsida har kommunen laga eit kart som viser forskjellen mellom ny arealplan og den som gjeld no.

– Det har nok også gjort endringane meir forståelege for innbyggjarane.

Stort temperament

Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) er nøgd med det enorme engasjementet blant bergensarane.

– Det er fantastisk å sjå at så mange som vil utvikla Bergen vidare og gje innspel om meiningane sine. Vi bergensarar har jo eit stort engasjement for byen vår og eit stort temperament når det gjeld byutvikling, seier Tryti.

Anna Elisa Tryti

NØGD: Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) er nøgd med det enorme engasjementet blant bergensarane.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

På Fantoft har naboane sett korleis det å byggja tettare kan bli i praksis.

– Fantoft er til skrekk og åtvaring for dei som synest fortetting er heilt greitt. Dei bruker tomtene maksimalt og byggjer eit kaos, meiner Lexau.