Alarmen gjekk på ferje – frykta kollisjon med marinefartøy

Mannskapet på ferja med 25 passasjerar om bord oppdaga at dei var på kollisjonskurs med ein kystkorvett. Sjøforsvaret avviser at det var fare for kollisjon.

MF "Edøyfjord"

KOLLISJONSKURS: Kollisjonsalarmen gjekk på brua og ferja kalla opp marinefartøyet på VHF-radioen. Sjølv om svaret var «jeg reduserer», opplevde ferjemannskapet at verken farten eller kursen vart endra.

Foto: Terje Holm / Fjord1

Transportselskapet Fjord1 har levert rapport til Sjøfartsdirektoratet om ein nestenkollisjon ved Smøla 2. november 2018, berre seks dagar før KNM «Helge Ingstad» smalt inn i tankskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden i Hordaland.

I rapporten, som fram til no ikkje har vore offentleg kjend, kategoriserer reiarlaget hendinga som ei nestenulukke med fare for liv og store materielle skader.

Rapporten skildrar dramatiske minutt for mannskapet om bord på ferja MF «Edøyfjord».

På kollisjonskurs

Klokka var passert 17.55 då ferja la frå kai i Sandvika. Om bord var 25 passasjerar og eit mannskap på fire. Kryssinga nordover Edøyfjorden til Edøy skal ta kring 20 minutt.

Det var mørkt, men fint ver og veldig god sikt. På brua stod vakthavande offiser saman med ein matros. Klokka 17.58 såg dei eit fartøy som segla innover fjorden frå sørvest.

Fartøyet er Sjøforsvarets kystkorvett KNM «Steil», som deltek i Nato-øvinga Trident Juncture og er på veg nordover. Den heldt ein fart på 21,4 knop, medan ferja sjølv hadde ein fart på litt over 12 knop.

Marinefartøyet hadde ikkje skrudd på AIS-sendaren sin, men dukka etter få sekund opp på radaren til ferja.

Den blei plotta, og klokka 18.01 blei det konstatert at dei to fartøya var på kollisjonskurs med kvarandre.

KNM Steil under øvelse i 2016

RASK: Mannskapet på KNM «Steil» avviser at dei ikkje gjorde noko etter at kollisjonskurs var konstatert. Til NRK fortel dei at dei reduserte farten og passerte akterut for ferja i trygg avstand.

Foto: Jakob Østheim / Jakob Østheim

Fjord1: – Endra ikkje fart eller kurs

Like etter slo kollisjonsalarmen inn. Vakthavande offiser greip tak i VHF-apparatet og kalla opp marinefartøyet på kanal 16. Han fekk svar med ein gong.

Ferja: «Hurtiggående, nordgående fartøy i Edøyfjorden, hurtiggående, nordgående fartøy i Edøyfjorden, dette er bilfergen Edøyfjord på kanal 16»

Marinefartøyet: «Dette er hurtiggående fartøy, jeg reduserer»

Ferja: «Ja OK, takk for det».

Etter dette har dei to fartøya forskjellig oppfatning av kva som skjer.

Mannskapet på ferja har klokka 18.03 ikkje registrert om kystkorvetten har redusert farten eller endra kurs.

Rapporten skildrar at mannskapet hamnar i ein vanskeleg situasjon der dei måtte ta ei rask avgjerd:

«Brobesetningen [ ...] kan ikke konstatere om det blir kollisjon eller ikke [ ...]. Vakthavende offiser vurderer nå at en brå unnvikelsesmanøver til styrbord eller fartsreduksjon med Edøyfjord vil kunne forverre situasjonen, og faktisk bli årsaken til en eventuell kollisjon.»

Akterut MF Edøyfjord

PASSERTE BAK: Marinefartøyet passerte ifølge Fjord1 rundt 30 meter bak ferja. Då hadde kollisjonsalarmen gått i kring to minutt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Avviser kollisjonsfare

Eitt minutt seinare, klokka 18.04 passerer kystkorvetten akterut for ferja.

I rapporten skriv Fjord1 at dei meiner avstanden var på knappe 30 meter.

Fjord1 ynskjer ikkje å gi intervju i saka, men i rapporten skriv dei at kystkorvetten hadde vikeplikt i høve sjøvegsregel 15 og meiner dei ikkje handla som venta etter det som var avtalt på VHF-radioen.

Dette avviser skipssjefen på KNM «Steil». Sjøforsvaret hadde ikkje høyrt om rapporten før NRK tok kontakt.

– Vi reduserte farten etter radiokontakten og hadde kring 11 knops fart då vi passerte akterut for ferja, fortel skipssjef Steffen Vambheim Vågenes.

Skipssjef Steffen Vambheim Vågenes

SKIPSSJEF: Steffen Vambheim Vågenes er skipssjef på KNM «Steil». Han avviser at mannskapet på marinefartøyet ikkje gjorde noko då kollisjonskurs vart konstatert. – Vi seinka farten, og passerte ferja i trygg avstand.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Usamde om avstand

Han var ikkje på brua då situasjonen oppstod, men har snakka med dei to navigatørane som var på vakt.

Vågenes viser NRK loggen over kursen og farten som marinefartøyet heldt gjennom Edøyfjorden. Den viser at mannskapet senka farten etter radiokontakten, før dei auka på igjen etter passeringa.

Kvifor ferja ikkje oppfatta dette, vil ikkje skipssjefen spekulera i. Men han er usamd med Fjord1 som har anslått avstanden til å vera kring 30 meter under passeringa.

– Vi meiner avstanden var 150 meter då vi passerte akterut.

– Var de ikkje redde for at ferja kom til å gjera ein manøver?

– Nei, vi følte vi hadde god kontroll, svarar skipssjefen, og viser til at kystkorvettene brukar mykje tid innanskjærs.

– Vi har god evne til å manøvrere raskt og kan stoppe på kort tid.

Han synest likevel det er uheldig at ferjemannskapet har oppfatta situasjonen som utrygg.

– Vi kjem til å ta rapporten opp internt, for å gjera oss medvitne på korleis andre oppfattar oss på sjøen, avsluttar Vågenes.

Har varsla Havarikommisjonen

Sjøfartsdirektoratet fortel til NRK at dei tok imot rapporten frå Fjord1 etter ulukka med KNM «Helge Ingstad» ved Stureterminalen i Hordaland.

– Vi vart samde om å senda dette vidare til Statens havarikommisjon for informasjon og vurdering opp mot den undersøkinga dei skulle i gang med der, fortel kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus.

Havarikommisjonen opplyser at Fjord1-rapporten førebels ikkje er tatt inn som ein del av granskinga av kollisjonen i Hjeltefjorden 8. november 2018