Hopp til innhold

Aktor krev 13 års fengsel i Fyllingsdalen-drapet

BERGEN TINGRETT (NRK): Sebastian Seterås (21) døydde av fallet frå sjuande etasje, meiner statsadvokaten.

Sebastian Seterås ble funnet drept i Fyllingsdalen mars 2018

DREPEN: 21 år gamle Sebastian Seterås blei drepen natt til 23. mars i fjor.

Foto: Privat

Statsadvokat Benedicte Hordnes la i Bergen tingrett onsdag føremiddag ned påstand om fengsel i 13 år for den drapssikta 22-åringen. Hordnes meiner drapet burde gitt 15 års fengsel, men vil gi to år i frådrag for at 22-åringen har tilstått.

For mora legg aktor ned påstand om fengsel i 2,5 år.

I kvit skjorte sat den drapstiltalte 22-åringen roleg og følgde med på statsadvokaten sin gjennomgang av saka mot han. To stolar til venstre sat mor hans, tiltalt for ikkje å ha hjelpt ein person i hjelpelaus tilstand.

22-åringen har innrømt at han drap venen sin natt til 23. mars 2018. Sebastian Seterås (21) blei utsett for vald inne i ei leilegheit i Fyllingsdalen, før han blei løfta over rekkverket og fall frå sjuande etasje.

Seterås døydde av knusingsskadar mot hovudet, ifølgje obduksjonsrapporten.

– Konklusjonen er at tiltalte må dømmast for forsettleg drap etter å ha kasta drapsofferet over rekkverket, medan han framleis var i live, sa Hordnes sluttprosedyren etter den vel ein veke lange rettssaka.

Hordnes meiner drapet isolert sett burde gitt 12 års fengsel, men meiner saka har ein rekkje straffeskjerpande moment:

  • Seterås blei først utsett for grov, alvorleg vald.
  • Den tiltalte hadde tid til å reagere, då drapet ikkje har skjedd i ein einskild handling.
  • Den tiltalte prøver å kome seg vekk frå situasjonen ved å fingere eit sjølvmord.

Den tiltalte hevda først at kompisen hadde hoppa frå sjuande etasje og tatt sitt eige liv. Seinare innrømma han drapet, noko han har gjentatt i retten.

Samanlikna med Jemtland-saka

Den drapssikta forsvarar, Øystein Storrvik, meiner aktor tar for hardt i når ho set eit utgangspunkt i straffa på 15 år. Storrvik viste til at 12 år er standarden for forsettleg drap.

I sin prosedyre samanlikna han saka med Jemtland-saka, kor ektemannen til Janne Jemtland blei dømt til 17 år i fengsel for drapet på kona. Storrvik meiner at det drapet var langt meir brutalt, og at det må bli tatt til følge i utmålinga av straffa.

I tillegg seier Storrvik at den tiltalte sin barndom var prega av rus og vald i heimen, og at det må takast høgde for.

Storrvik meiner at klienten hans bør bli straffa med ti år i fengsel.

– Eg kjem klart nærmare utgangspunktet på tolv år i fengsel, markant under utgangspunktet til aktor. Også er eg einig med aktor i fråtrekket på to år for tilståinga, sa Storrvik.

Benedicte Hordnes

AKTOR: Statsadvokat Benedicte Hordnes prosederte i dag.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Omfattande vald

Han har forklart at drapet skjedde etter ein tur på byen, der han, mora og Seterås heldt fram festinga i høgblokka i Dag Hammerskjölds veg i Fyllingsdalen.

Då dei gjekk tomme for alkohol, fekk 22-åringen tak i ein liter vodka av kjenningar, forklarte han. Han tok også ei stripe kokain då han møtte seljarane i ein bil utanfor.

Heime igjen hevdar han drapsofferet prøvde å kysse mora til tiltalte. Mora skal ha skal ha prøvd å dytte han vekk. Deretter blei Seterås utsett for svært omfattande vald.

Seterås skal ha prøvd å kome seg vekk, og tok seg inn på soverommet. Medan han låg i senga, skal han ha spurt tiltalte om han kunne få gå.

– Eg tenkte for meg sjølv at det skal han få lov til. Så gjekk eg og henta den spritflaska vi hadde kjøpt, og knuste den i panna hans. Eg heldt fram å slå han til det ikkje var meir liv i han, fortalde den drapstiltalte i retten i førre veke.

Etter valden løfta 22-åringen Seterås over rekkverket, har han forklart.

Høyblokk i Bergen der politiet mener drap skjedde

22 METER: Ifølgje tiltalen er det 22 meter ned frå der Seterås blei løfta over gjerdet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Var han i live?

Eit sentralt spørsmål i retten har vore om Seterås framleis var i live då han blei løfta over rekkverket.

Aktor Hordnes meiner det er bevist at Seterås var i live før han blei kasta over rekkverket, og at mora dermed kunne hjelpt han. Ho peiker på fleire forhold som ho meiner støtter denne skildringa:

  • Rettsmedisinar Inge Morild har forklart at han ikkje har sett folk døy momentant av knyttneveslag.
  • Den døde hadde blødingar under huda frå knyttneveslaga, noko han ikkje hadde fått om han var død og hjartet hadde stoppa.
  • Eit lydopptak der den drapstiltalte spør mora om ho trur Seterås vil overleve, før fallet. Mora kunne ikkje ha hatt noko meining om det viss ho ikkje hadde sett Seterås.

Forsvarar til den drapstiltalte, Øystein Storrvik, tolkar rettsmedisinar Inge Morlid på ein annan måte enn aktor.

Han trekk fram at Morild sa at han ikkje kunne utelukke at Seterås kunne ha døydd av kveling, som følgje av slaga, rusen og måten han låg på.

– Dette treffer midt i tvilen i strafferetten. Ein kan ikkje sjå bort frå at døden hadde inntreffe før kroppen trefte bakken. Retten må fastsette faktum ut frå ein rimeleg tvil, sa Storrvik i sin prosedyre.

Mistenkelig dødsfall Fyllingsdalen

ÅSTAD: Drapet skjedde etter ein fest i denne høgblokka i Fyllingsdalen.

Foto: Bjørn Erik Larsen / Bergens Tidende / NTB scanpix

Nekta å forklare seg

Dødstidspunktet har òg stor betydning for mora. Kunne ho ha gjort noko for å redde livet til Seterås?

Mora har gjennom heile rettssaka nekta å forklare seg, noko ho har rett til. Hordnes meiner dette er med på å svekke truverdet til mora.

– Har ein ikkje gjort noko gale, har ein ingen grunn til ikkje å forklare seg, sa Hordnes i sin prosedyre.

Mora har tidlegare sagt at ho verken hugsar drapet eller utkastinga.

– Mora har forklart seg bevisst uriktig, trass i at ho veit at Seterås er utsett for grov vald i leilegheita, er skadd og ligg der, og at han er bore ut av leilegheita og kasta over rekkverket, sa Hordnes.