Hopp til innhold

Naboar: - Begeret har runne over

– Nok er nok, seier bebuarane på Møhlenpris. Dei reagerer sterkt på at ei kvinne skal ha blitt valdteken av fleire menn i nærområde deira laurdag. No krev dei handling.

Nygårdsparken valdtekt

AKSJONERAR: Nærmaste naboar til Nygårdsparken vil måndag kveld gjennomføra ein demonstrasjon i parken. Etter at ei kvinne skal ha blitt valdteken av fleire menn i nærområdet, krev dei handling frå myndigheitene.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Synnøve Fluge

KREV HANDLING: Leiar for Velforeningen på Møhlenpris, Synnøve Fluge.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Det var laurdag ettermiddag at ei kvinne (30) vart funne sterkt medteken av forbipasserande i Nygårdsparken i Bergen sentrum. Når politi og helse kom til, fortalde kvinna at ho hadde blitt valdteken av fleire menn i området ved Marineholmen, sør for parken.

– Det var ei frykteleg nyhende å høyre, at ei kvinne skal ha blitt valdteken i eit av dei områda borna våre leikar i, seier Synnøve Fluge til NRK.

Ho er bebuar i bydelen og er leiar i Velforeningen på Møhlenpris. Dei lev i nærleiken av parken som er kjend for sitt store rusmiljø. Kvar dag lev dei side om side med valdskriminalitet og rus.

– Mykje frustrasjon

Plakat Nygårdsparken

Etter hendinga laurdag, samt andre episodar knytt til rusmiljøet i parken, har naboane fått nok. Sundag kveld møttest bekymra bebuarar for å planlegge ein aksjon.

– Nokre sat med tårer i auga og det var høg temperatur.

Synnøve Fluge, bebuar

– Ting har eskalert og vi har eit problematisk forhold til parken. Situasjonen er ikkje haldbar, seier Fluge.

Ho fortel om eit møte som var prega av mykje frustrasjon frå dei som bur i området.

– Nokre sat med tårer i auga og det var høg temperatur.

Krev handling frå myndigheitene

Bebuarar på Møhlenpris

SKAL DEMONSTRERA: Velforeningen på Møhlenpris møttest sundag kveld.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Måndag kveld klokka 18.00 aksjonerer naboane i parken.

– Vi tillet oss sjølv å ha fokus på vår egen situasjon og vår egen tryggleik i og rundt parken. No vil vi vise at vi står saman og at vi tykkjer begeret har runne over, seier Fluge som har budd i området sidan 1995.


– Vi forventar at kommunen og ikkje minst politiet snakkar saman, og kjem med ein konkret plan for korleis ein skal ta vare på bumiljøet rundt parken.

Aksjonen byrjar i nedre del av parken, før den bevegar seg opp i området der ruskriminaliteten går føre seg.

– Vi skal halde appellar på dei stadene vi fryktar mest å gå gjennom. Det at vi vel å gå der, seier noko om kva vi bebuarar meiner om situasjonen.

– Avhengige av å snakke med kvinna

Politiet held måndag fram med etterforskinga av saka der ei kvinne skal ha blitt valdteken av fleire menn laurdag.

– Vi ser på saka som alvorleg og den er prioritert av oss. Fokuset no er å få fornærma i tale, fortel politiadvokat Janne Heltne.

For til no har ikkje kvinna vore villig til å gi forklaring til politiet. Det gjer etterforskinga vanskeleg.

– Ho er sjølvsagt eit viktig bidrag. Vi har også overvakingsvideoar som kan hjelpe oss, men vi er ganske avhengige av å snakke med ho.

– Veit dykk kvifor ho ikkje vil forklara seg?

– Nei, og det ynskjer vi ikkje å spekulere i, svarar Heltne og opplyser om at kvinna har fått bistandsadvokat.

Voldtekt Bergen
Foto: Google Maps / Skjermdump