
Illustrasjon
I nyheitene i dag kom det fram at fleire hundre industriarbeidarar som skal hogga opp utrangerte plattformar vil få alvorlege helseskadar.
Oljeselskapa meiner det er for tidleg å forska på helseskadane.
Det er leiar i næringskomiteen på Stortinget, Olav Akselsen, ikkje samd i.
- Oljeselskapa må óg vera opptekne av å redusera risikoen for uhell. Det er no desse jobbane byrjar, og me kan ikkje venta til jobben er gjort. Ein dialog med desse selskapa er det som trengs, meiner han.
No vonar han at olje- og energiminister Thorild Widvey vil ta eit slikt intiativ.