Ingen tiltalt etter at 1-åring døydde i barnehage – barnehageselskapet får bot

Statsadvokaten legg bort saka der ein eitt år gamal gut fall ut av ei barnevogn og blei hengande fast med ein stropp rundt halsen. Akasia Barnehage får 750.000 kroner i føretaksstraff.

Akasia Paradis barnehage

AKASIA: Det var i denne barnehagen på Paradis i Bergen at den tragiske hendinga fann stad.

Foto: Olaug Spissøy Kyvik / NRK

3. januar i år fann tilsette i Akasia Paradis barnehage i Bergen ein 1 år gamal gut livlaus ved ei barnevogn. Barnet hadde falle ut av vogna og blei hengande fast med ein stropp rundt halsen før han blei oppdaga.

Guten fekk livreddande behandling før han blei sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Tre veker seinare døydde eittåringen på sjukehuset.

Vest politidistrikt opna etterforsking og tre tilsette fekk status som mistenkte.

Akasia Paradis barnehage

PARADIS: Det var i Akasia Paradis barnehage guten blei funnen hengande med ein stropp rundt halsen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Svært grundig etterforsking

No har Statsadvokaten i Hordaland valt å legga bort straffesaka mot ein tilsett i barnehagen etter bevisets stilling.

Statsadvokaten tar heller ikkje ut tiltale mot to personar i leiinga for Akasia Barnehage AS. For deira del blir saka lagt bort som «intet straffbart forhold anses bevist».

Statsadvokat Magne Kvamme Sylta seier det har vore gjennomført ei svært grundig etterforsking.

– Det har samanheng med at fleire personar har hatt status som mistenkte. Det skal gjerast ei avgjerd basert på etterforskingsmaterialet, og summen av det og ei samla vurdering av bevisa gir denne konklusjonen.

Magne Kvamme Sylta

STATSADVOKAT: Magne Kvamme Sylta.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Straffar selskapet

I staden blir selskapet pålagt ei føretaksstraff på 750.000 kroner etter hendinga. Årsaka er manglande rutinar i barnehagen.

Umiddelbart etter ulukka innførte barnehagen kontinuerleg tilsyn med sovande barn for å unngå at noko liknaden skal skje igjen.

Barnet låg åleine på eit rom då han blei kvelt. Tekniske undersøkingar politiet og Kripos gjorde av barnevogna viste at det ikkje var noko feil med vogna.

– Det har vore gjennomført ei grundig etterforsking, og det har vore etterforska om det er grunnlag for om føretaket har gjort seg skuldig i straffbare forhold. Det er det funne grunnlag for, seier statsadvokat Sylta.

– Svikt i rutinar

Han grunngjev straffa med svikt i tilsynsrutinane i samband med at barnet sov. Statsadvokaten meiner barnehagen i dette tilfellet ikkje har sett til at barnet har hatt forsvarleg og tilstrekkeleg tilsyn.

Akasia sine rutinar seier at barn som søv skal ha tilsyn. Men det er ingen nedfelte reglar for kor hyppig tilsette skal sjå til barna.

Barnehagen har heller ikkje hatt gode nok tryggingsrutinar knytt til sikring av barnet i vogna, meiner Statsadvokaten.

– Korleis har de kome fram til summen?

– Utfallet av saka er at eit lite barn har mista livet. Det er snakk om ei djupt tragisk og forferdeleg ulukke. Summen er eit resultat av ei samla vurdering av saka. Det er også lagt vekt på økonomiske forhold, som føretaket sin storleik og økonomi. Eg meiner dette er eit riktig nivå, seier Sylta.

Tar avgjerda til etterretning

Edle Damm, barnehagesjef i Akasia, seier til NRK at selskapet tar statsadvokaten si avgjerd til etterretning.

– Me vil gå grundig gjennom statsadvokaten si avgjerd. Dersom det viser seg at politiets arbeid belyser svakheiter som må korrigerast, så vil vi justere rutinane våre i samsvar med det.

Damm seier ulukka har rørt ved og prega mange.

– Eg har lyst til å uttrykke at våre tankar og vår djupaste medkjensle framleis er hos barnet sine foreldre og andre som på ulike måtar er rørt ved av den tragiske hendinga.