Hopp til innhold

No helsar Ahmed på «alle» på gata

ODDA (NRK): Språkpraksis på sinkfabrikken hjelper flyktningar ut i arbeidslivet, og inn i samfunnet. Tilsette på fabrikken seier norskelevane gjer arbeidsmiljøet betre.

Rehany og Adam

FEKK JOBB ETTER SPRÅKPRAKSIS: – Før eg begynte her, trudde eg at oddingar ikkje helste på utlendingar, seier Ahmed Rehany (t.h.), som hadde språkpraksis hos Boliden frå april til november i 2015. No er han i fast jobb i Odda kommune. Abdifatah Adam (t.v.) frå Somalia har nettopp begynt i språkpraksis på sinkfabrikken.

Foto: Tale Hauso / NRK

Våren 2015 etablerte Vaksenopplæringa i Odda og sinkfabrikken Boliden eit samarbeid der framandspråklege norskelevar blir utplassert, og i seks månader får ta del i arbeidslivet på fabrikken.

Allereie no konkluderer representantar frå alle partar at prosjektet har vore ein stor suksess.

– Eg har bachelorgrad i økonomi, og også annan utdanning. Men det betyr ingenting når du flytter frå landet ditt, seier Ahmed Rehany, som kom til Noreg frå Eritrea i 2013.

Fleire tilsette seier at arbeidsmiljøet har blitt meir ope og inkluderande etter at dei fekk inn språkelevar.

Toralf Helland i Boliden

Etter eit halvt år som sinkarbeidar snakkar han godt forståeleg, flytande norsk.

– Det er utruleg viktig at eg får denne språkpraksisen. Her lærer ein fagspråk. Og fagspråket er det viktigaste på ein arbeidsplass, seier Rehany.

Stor sosial effekt

Kommunane står i stor grad fritt til å utforme innhaldet i introduksjonsprogrammet for flyktningar.

Ein av grunnane til at Vaksenopplæringa er nøgde med Boliden-samarbeidet, er at det ikkje berre har hjelpt flyktningane med språket, men og med arbeidstrening og nettverksbygging, ifølgje rektor Jon Olav Stadheim.

Før eg begynte her, trudde eg at oddingar ikkje helste på utlendingar.

Ahmed Rehany

– Det å kome seg ut i arbeidslivet, har stor effekt, ikkje berre på språkpraksis. Dei blir også kjende med norsk arbeidsliv, norsk kultur, og får nokon å helse på i gatene, seier Stadheim.

Rehany var ein av dei to første elevane som fekk prøve seg hos sinkfabrikken. Det har hatt svært mykje å seie for han, ikkje minst sosialt.

– Før eg begynte her, trudde eg at oddingar ikkje helste på utlendingar. Det var også litt vanskeleg å snakke med folk. Men no trur eg dei fleste oddingar kjenner meg. No går eg rundt og seier «hei, hei, hei», ler han.

Toralf Helland og Jon Olav Stadheim

VINN/VINN-SITUASJON: Boliden og Toralf Helland (t.h.) ser fleire gode effektar av samarbeidet med Vaksenopplæringa i Odda. Det gjer også rektor Jon Olav Stadheim.

Foto: Tale Hauso / NRK

Betre arbeidsmiljø

Informasjonssjef Toralf Helland hos Boliden fortel at dei brukte litt tid på interne diskusjonar før dei sa ja til å vere med på prosjektet.

– Men det har vi ikkje angra på. Fleire tilsette seier at arbeidsmiljøet har blitt meir ope og inkluderande etter at dei fekk inn språkelevar, noko som er ein veldig positiv effekt av dette. Samtidig ser vi på dei som har vore inne som moglege framtidige medarbeidarar. Erfaringane så langt er utruleg gode, konkluderer han.

Samarbeidet har førebels omfatta fire elevar, og Stadheim ser at dei gode resultata gir synergieffektar.

– Når vi kan vise til kva vi har fått til her, så opnar andre bedrifter, og kommunen, også dørene. Det er utruleg verdifullt, seier rektoren.

Etter språkpraksisen har Rehany fått fast jobb nettopp i Odda kommune, på det nye asylmottaket. Den andre som var i praksis med han, har og fått fast jobb, i ein ingeniør- og entreprenørbedrift.