Hopp til innhold

Ahmad (29) lærer å køyre buss medan han lærer norsk

HAUKÅS, BERGEN (NRK): Noreg manglar tusenvis av bussjåførar. Kombinert norsk- og bussjåføropplæring kan løysa problemet.

Sjåføropplæring og norskopplæring i eit og same kurs

BÅDE TEORI OG PRAKSIS: Kursdeltakar Ahmad Awda blir rettleia av bussjåfør og instruktør på kurset, Arild Nielsen frå Tide.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Ahmad Awda (29) går rundt passasjerbussen på parkeringsplassen i Bergen. Oljen blir peila, lys og bremser blir sjekka. Med på kontrollen er instruktør Arild Nielsen.

Awda må seie alt han sjekkar – på norsk.

– Dette er eit veldig godt kurs, med både trafikklærar og norsklærar. Dei har lært oss alt frå korleis vi skal snakka med passasjerar, til trafikklova, skryt 29-åringen.

Han kom frå Syria, og har vore i Noreg i fire år. Awda ynskjer å bli bussjåfør, og pilotprosjektet høver han bra.

To dagar norsk – to dagar buss

Forkurset for yrkessjåførar i Bergen går over 18 veker.

Kvar veke får Awda og dei andre deltakarane to dagar med yrkesfagleg opplæring, to dagar med norskopplæring og ein dag med ein kombinasjon av yrkesfag og norsk.

Deltakarane er rekrutterte frå introduksjonsprogrammet for flyktningar og kvalifiseringsprogram i regi av Nav. Prosjektet er finansiert med midlar frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).

Arbeidsmarknadsundersøkingar viser at det på landsbasis er behov for over 1000 nye sjåførar årleg. I Bergen er det behov for 100 nye sjåførar kvart år.

– Etter å ha lese om mangelen på bussjåførar tenkte vi på fleire av brukarane våre som har bakgrunn som sjåførar og som ynskjer å gå inn i det yrket, og slik starta prosjektet, seier Turid Iden, som er ein av prosjektleiarane.

Prosjektledere i integreringsprogrammet, Grethe Grung (t.v) og Turid Iden.

HÅPER FLEIRE KOMMUNAR VIL KOPIERE PROSJEKTET: Prosjektleiarane Grethe Grung (t.v.) og Turid Iden, håper pilotprosjektet kan bli eit fast prosjekt i fleire kommunar.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Mogleg arbeidsgjevar

Prosjektet er et samarbeidsprosjekt mellom Bergen kommune og Tide buss.

HR-rådgjevar i Tide Buss, Magdalena Ims, meiner det er positivt at deltakarane får skapa ein relasjon med dei som ein potensiell, framtidig arbeidsgivar.

– Det gjev dei meir motivasjon, for dei veit at heilt på slutten ventar det kanskje ein jobb på dei. Vi håper jo at alle kursdeltakarane vil bli bussjåførar og søka jobb hos oss.

HR-rådgiver i Tide Buss, Magdalena Ims

SAMARBEIDER MED KOMMUNEN: HR-rådgivar i Tide Buss, Magdalena Ims, meiner samarbeidet gjev dei ei fantastisk moglegheit til å få fleire, motiverte sjåførar.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Ut i landet

Kurset er populært og prosjektleiarane fortel om stort oppmøte. No håpar dei på samarbeid med andre kommunar, eller at andre vil kopiera prosjektet.

– Vi ynskjer at dette skal kunne bli eit fast prosjekt, og at Nav og andre samarbeidspartnarar kan løfta det vidare, seier prosjektleiar Grethe Grung.

Anders Fyhn i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) er glad for at dei får støtta prosjektet. Han seier det er heilt i tråd med regjeringa sin strategi.

– Vi skal få eit meir yrkesretta løp inn i introduksjonsprogrammet. Folk skal inn der det er behov, og få kompetansen og språkkunnskapen dei treng.

Han trur prosjektet kan utvidast til både andre kommunar og andre yrkesgrupper.

– Dette må utviklast gjennom praksis og vi må læra av det. Prosjektet i Bergen er eit godt eksempel på at ein kan tenkja nytt og praktisk.