NRK Meny
Normal

Advarer bedriftene: Krisa er ikkje over

Bergen Næringsråd meiner hordalandsbedriftene tek feil om dei trur den verste økonomiske krisa er over. – Fallet vi ser i olje- og gassnæringa vil få ganske store konsekvensar for alle neste år.

Marit Warncke i Bergen Næringsråd

– IKKJE SKJØNT ALVORET: Marit Warncke i Bergen Næringsråd meiner det ikkje er alle bedriftene i Hordaland som har skjønt alvoret om nedgangen i oljenæringa. Torsdag legg dei fram ferskt framtidsbarometer.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det seier leiar Marit Warncke i Bergen Næringsråd til NRK.

Torsdag offentleggjer dei eit ferskt framtidsbarometer for 560 bedrifter, og det bedriftene har svara er dystert.

Kvar tredje bedrift ventar dårlegare økonomisk resultat enn i fjor. Det er dobbelt så mange pessimistar som i fjor.

Bråbremsen på

Spesielt blant bedriftene innanfor olje- og gass er pessimismen stor. I fjor trudde mange i olje- og gassnæringa på oppgang allereie i år. Nå har dei mista den trua.

– Det er klart lågare optimisme, og det er nærast bråbrems i aktiviteten. Desse tala er dramatiske, seier Warncke.

– Dei trur og forventar at 2016 blir tøffare enn 2015, og dei veit heller ikkje kor lenge dette vil fortsette å gå nedover.

Oljerøyr på Gjøa

PESSIMISME: Spesielt innan olje- og gassnæringa er pessimismen stor for kva 2016 vil bringe.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ikkje alle har skjønt alvoret

Men framtidspessimismen har ikkje spreidd seg til resten av næringslivet. Paradokset er at dei aller fleste bedriftene, heile 90 %, framleis planlegg som om neste år blir betre eller i alle fall ikkje verre enn i år.

– Innanfor handel, finansnæringa og bygg og anlegg, så ser det ut som mange trur det verste er over, og at 2016 skal bli stabilt.

Det er rett og slett å tru på julenissen, meiner Bergen Næringsråd. For krisa er slett ikkje over, tvert i mot, meiner Warncke.

– Dett fallet vi ser innanfor olje- og gass vil få ganske store konsekvensar for andre næringar etter kvart som tida går.

Avhengige av næringa

Ho meiner næringslivet i Bergensregionen rett og slett er tregare enn næringslivet i Stavanger med å ta dei dårlege tidene inn over seg.

– Det er bra at ein har optimisme og ikkje vil snakke økonomien ned. Men det er vel ikkje eitt menneske i stavangerregionen som ikkje veit kor avhengige ein er av olje- og gassnæringa, avsluttar Warncke.

LES OGSÅ: Over 700 mistet jobben i oljebransjen i sommer

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås