NRK Meny
Normal

– Tenk deg godt om før du vel olje- og media

Kutt og usikre tider gjer at ungdom bør tenke seg nøye om før dei tek ei olje- eller medierelatert utdanning, meiner professor ved NHH, Kjell Salvanes.

OLJE

– TENK DEG GODT OM: – Det er ein uvisse i oljebransjen, som gjer at eg ville tenkt meg litt om før eg gjekk tungt inn der, seier professor ved NHH, Kjell Salvasen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Eg tenkte at energi- og fornybar energi er veldig aktuelt då eg valde utdanning. No seier dei opp mange i oljebransjen, så eg satsar på at fornybart er det som gjelder, seier Katrine Storaker, master student i siviløkonomi ved NHH.

Kutta i oljebransjen er ein grunn til at ho no peilar seg inn mot eit anna felt. Og det gjer ho lurt i, ifølgje professor ved NHH, Kjell Salvanes.

Kjell Salvasen

ENDRINGAR I NÆRINGSLIVET: – Ein del jobbar forsvinn rett og slett ut av landet, og så blir jobbar som krev meir utdanning ståande att, seier professor ved NHH, Kjell Salvanes.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

– Det er ein uvisse i oljebransjen, som gjer at eg ville tenkt meg litt om før eg gjekk tungt inn der.

Også ein anna bransje peikar seg ut i negativ retning, meiner Salvanes.

– Næringar som mediebransjen går gjennom store strukturendringar. Me ser det er mange mediehus som trappar ned, så eg ville ha tenkt meg nøye om før eg vurderte den utdanninga.

LES OGSÅ: Oljebedrifter er tause om kutt

– Medisin og økonomi er sikre kort

Vil ein sikre seg å få den jobben ein ønskjer etter enda utdanning, er det nokre bransjar som alltid vil vere trygge, meiner Salvanes.

Mange mediehus trappar ned, så eg ville ha tenkt meg nøye om før eg vurderte den utdanninga.

Kjell Salvanes

– Medisin, ingeniør og økonomi er alltid sikre kort. Men også enkelte fagfelt der det krevjast mindre utdanning går gode tider i møte.

– Me ser at det er stor etterspurnad i sektorar som handel og personlege tenester. Nokon som kan rydde huset eller designe huset ditt, bringe varer heim til folk eller organisere middagen. Slike tenester er det stor etterspurnad etter.

– Noreg er eit rikt land, og difor ser me nok ei etterspurnad etter all slags design og den type ting. Er ein kreativ er det gode moglegheiter. Det er stor etterspurnad og ei enorm betalingsvilje etter kunst og livemusikk for eksempel.

Oseberg

PRISANE GÅR NED: Oljeprisane fall i helga til sitt lågaste nivå på fire år. – Det er mykje snakk om reduksjon i oljenæringa, men det er og snakk om at ein finn nye felt som kan drivast lengre, seier professor ved NHH, Kjell Salvanes.

Foto: SCANPIX / Reuters Creative

Ifølgje forskaren forsvinn ti prosent av jobbane i Noreg og dei fleste andre land kvart år. Nye jobbar og bransjar erstattar dei som fell bort. Sjølv om det er stor etterspørsel etter folk som vil jobbe med personlege tenester, ser ein også at utdanning på andre måtar blir meir og meir verdt.

– Ein del jobbar forsvinn rett og slett ut av landet, og så blir jobbar som krev meir utdanning ståande att, seier Salvanes

Færre søker seg til journalistutdanningar

Søkartala til dei offentlege journalistutdanningane i landet er på retur. Sidan 2010 har det vore ein nedgang på 25 prosent i tal på studentar som har journalistutdanning som fyrsteval, syner tal frå Samordna opptak.

LES OGSÅ: Store kutt i mediebransjen bekymrer journaliststudenter

Fusjon

KUTTAR: Det blir seld stadig færre aviser i Noreg og fleire mediehus slit med å gjere nettproduksjonen lønsam.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

I den andre bransjen Salvesen peikar på som utrygg, oljebransjen, såg ein i helga at oljeprisen fall til sitt lågaste nivå på nesten fire år, og heldt fram å falle måndag. Men i tre ulike undersøkingar Norut har gjort sidan 2005, kjem det fram at ønsket om å utdanne seg innan denne sektoren har auka.

I går sa Trond Nilsen som er seniorforskar ved Norut i Alta til NRK at han ikkje trur folk vil slutte å søkje seg til desse oljeutdanningane med det fyrste, sjølv om oljeprisen går ned.

– Det er mykje snakk om reduksjon i oljenæringa, men det er og snakk om at ein finn nye felt som kan drivast lengre, seier professor ved NHH, Kjell Salvanes, som likevel meiner ungdom bør tenke seg om før dei vel ei utdanning som rettar ein inn mot oljebransjen.

– Eg trur ikkje dei vil bli stå utan jobb, men dei må nok vere villige til å ta jobbar dei i utgangspunktet ikkje vil ha eller å flytte på seg.

LES OGSÅ: Han mener roboter kan redde oljebransjen

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.