NRK Meny
Normal

Adrian (19) går catwalk med verdas største supermodellar

Adrian Stene frå Bergen fekk livet snudd på hovudet då han heilt tilfeldig vart stoppa av modellagentar på gata. – No er det blitt ein vanleg jobb.

Adrian Stene

DELTE SCENE: Naomi Campbell (t.v.), Kate Moss og Adrian Stene gjekk alle catwalk under Louis Vuitton si framsyning under moteveka i Paris denne veka.

Foto: Privat

– Det er ganske spesielt, men ikkje fullt så surrealistisk no lenger, seier Adrian Stene.

Det er drygt to år sidan den då 17 år gamle bergensaren heilt tilfeldig vart oppdaga på gata i Riga av modellbyrået Bro Models, medan han var på familieferie.

Eit halvt år seinare var bogekorpsmarsj i Bergen bytt ut med gonge på motemoloen i Milano.

Sidan har det berre balla på seg, og denne veka gjekk 19-åringen modell for Louis Vuitton under Fashionweek i Paris. På catwalken gjekk også dei verdskjende modellane Naomi Campbell og Kate Moss.

– For nokre dagar sidan var eg invitert på etterfest med Louis Vuitton kombinert med Kate Moss si bursdagsfeiring. Men eg var trøytt og ikkje heilt i form, så eg gjekk heim og sov i staden, seier 19-åringen og ler.

– Som ein heilt ordinær jobb

Til vanleg jobbar Stene som lærling på Universitetet i Bergen, der han tek fagbrev i IT. No er skulebenken byta ut med tre veker i Paris.

– Sidan den første moteveka i fjor har eg vore med på totalt 17 show. Det er mogleg det blir nokre fleire denne helga også, seier Stene.

Kva vil du seie er den største opplevinga det siste året?

– Det er vanskeleg å velje. Men kanskje at eg har fått gå for Louis Vuitton tre gongar på rad. Det er ganske sjeldan.

Adrian Stene går catwalk

KONSENTRERT: Til vanleg er Adrian Stene lærling ved IT-avdelinga til UiB. Dei siste vekene har han gått modell for verdas moteelite. – Eg tenker at det berre er ein jobb. Eg er framleis same person som før eg fekk denne jobben.

Foto: Privat

19-åringen let seg ikkje distrahere av at det florerer med kjende menneske rundt han. På visinga i Paris denne veka sat David Beckham like ved scena.

– Han er eit av menneska blant veldig mange som sit der for å sjå visinga. I starten var eg nervøs, men no gjer eg det eigentleg som om det skulle vore ein heilt ordinær jobb. Eg prøver å halde maska, og fokusere på det eg skal gjere, seier Stene.

Kombinerer karriere og utdanning

Stene og Mahad Musse frå Oslo er dei einaste nordmennene som går modell under moteveka. Heime i Bergen sit Trude Pedersen som stolt mor.

– Dette er ei eventyrhistorie! Det som er så fint er at han er ein heilt vanleg gut med gode verdiar som vart oppdaga tilfeldig av det rette byrået. Adrian har aldri hatt planar om å bli modell, men ramla midt opp i det.

Når sonen går visingar saman med verdskjende supermodellar, sit familien heime i stova og følgjer med på direkteoverføring.

– Det er ofte vanskeleg å kjenne han igjen, fordi alle modellane blir kledd opp i like typar klede. I det siste har han hatt nokre rare kostyme, ler Pedersen.

Adrian Stene og Gwendoline Christie

SELFIE: Då Adrian Stene møtte Gwendolien Christie, mellom anna kjend for rolla i «Game of Thrones», såg han sitt snitt til å ta eit bilete saman med henne.

Foto: Privat

Når fagbrevet er på plass til sommaren vil Stene prøve seg som modell på fulltid.

– I alle fall i nokre år, så lenge eg kan. Men det er fint å ha fagbrevet å falle tilbake på. Modellkarrieren kan ikkje vare for evig, seier Stene.