Hopp til innhold

Bygdefolket har krangla om dette navnet med kartverket i fleire år

Grunneigarane i Ulvik ville ha «e», men kartverket ville ha «a» i stadnamnet på den vesle grenda i Hardanger. Klagenemnda har no avgjort saka – saman med fleire andre betente namnesaker frå heile landet.

Hakastad

FEIL?: Grunneigarane og Ulvik herad meiner dette namnet er feil, og at det riktige er Hakestad.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Alle instansar har sagt sitt, men grunneigarane klagar ennå. Ein bokstav i stadnamnet har vore diskutert sidan 2012. Skal det vere Hakastad eller Hakestad?

Det starta då Posten kravde at alle skulle ha ei adresse, og i Ulvik skulle mellom anna ein veg få namn.

Hakestad/Hakastad

UEINIG: Kartverket, fagfolk og grunneigarane er ueinige om kva namn som er rett.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

– Ingen tenkte på namnet før den tid, seier Stein Olav Hauge Kolås.

Han eig og driv garden Hakestad i Ulvik i Hardanger, der Olav H. Hauge høyrde til. Garden ligg midt i Ulvik, på området som det no er krangel om. For med adressekrav kom Statens kartverk og vedtok at vegen skulle heite Hakastadvegen.

Dette trass i at kommunen og grunneigarar meiner Hakestad og er riktig. Dermed var diskusjonen om «a» eller «e» i gang.

I heile landet dukkar det opp stridar om stadnamn, heilt ned på bokstavnivå.

Handlar om identitet

Garden til Stein Olav Hauge Kolås har vore i familien hans så langt tilbake i tid ein kan spore, og i matrikkelen finn ein namnet Hakestad alt i 1886.

Hauge Kolås meiner saka er viktig både av praktiske grunner når alt no er digitalt og ein må skrive rett for å finne rett plass.

Stein Olav Hauge Kolås

KLAGAR: Stein Olav Hauge Kolås er ein av grunneigarane.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Men for han handlar det også om identitet.

– Eg har vakse opp på Hakestad, og ein byter jo ikkje berre namn på den staden ein bur, forklarer Hauge Kolås.

Klagenemnda sitt vedtak

Saka har no gått heile vegen til klagenemnda for stadnamnsaker. Stridens kjerne er kva som er namnegrunnlaget.

Dei siste 100 åra er restar etter dansketida fjerna ifrå mange norske stadnamn. Men i Ulvik meiner kartverket at Hakastad blir rett, og at e-en kom i dansketida.

Mellom andre språkprofessor ved Universitetet i Bergen, Gunnstein Akselberg, støttar kartverket.

Og nyleg avgjorde også ei samrøystes klagenemnd at kartverket sitt vedtak står.

– Det er trist at det er blitt sånn, det viser at fleirtalet når ikkje fram, seier Hauge Kolås. Og han gir seg ikkje.

Tor Erik Jensted, stadnamnkonsulent

KONSULENT: Tor Erik Jenstad

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

No har dei sendt ny klage og bede klagenemnda behandle saka på nytt.

Blir rekna som kulturminne

Myndigheitene ser på stadnamn som kulturminne. Dei høyrer til fleire enn vår generasjon, både framtid og fortid. Men diskusjonar om stadnamn vekker ofte kjensler.

– Det har med identitet å gjere. Etternamn er personleg, kopla saman med gardsnamnet, forklarer stadnamnkonsulent Tor Erik Jenstad.

– Ofte er det same som gardsnamnet, men med ein annan skrivemåte. Gardsnamna har levd i bygdeuttalen i meir enn tusen år, så tilfeldige skrivemåtar blir småblunk i ei lang kontinuerleg historie, seier han.

Her er avgjerslene frå sist møte i klagenemnda:

Avgjersler i klagenemnda 19. august

Namn

Striden

Klagenemda vedtok

Vega kommune

Muddvør eller Muddværet

Kartverket vil ha Muddværet men klagar vil ha Muddvær

Muddværet

Jevnaker kommune

Hagabakke eller Sognsbakka

Privatpersonar meiner adresse ikkje bør vere Hagabakka men Sognsbakka

Privatpersoner kan ikke klage, ber kommunen vurdere på nytt

Stavanger kommune

Ormøyvigå, Ormøyviga eller Ormøyvika

Ormøyvigå og -vika er vedtatt men kommunen vil ha viga

Omøyvika

Austevoll kommune

Bjånestangen eller Fleskeryggen

Nabolag meiner kommunens inndeling og namnesetjing er feil.

Saka blei avvist av nemnda

Ulvik herad

Hakastad eller Hakestad

Grunneigarane og kommunen vil ha Hakestad, kartverket vil ha Hakastad

Hakastad

Norddal kommune

Høyhjellane eller Høghjelle

Kartverket har vedteke Høyhjellane, men grunneigar vil ha Høghjelle

Høyhjellane

Aukra kommune

Solbakken

Grunneigar meiner vege Solbakken ikkje ligg på gården/bruket Solbakken og dermed er feil.

Klager får ikkje medhald, Solbakken blir ståande

Rauma kommune

Rygjord eller Rygjerd

Grunneigar ønska ny sak. Nemnda har tidlegare vedteke Rygjerd, grunneigar vil ha Rygjord

Gjennopptaking av saka blei avvist

Inderøy kommune

Undersaker eller Undersåker

Kartverket har vedteke Undersåker, grunneigar ønskar Undersaker

Undersåker

Stord kommune

Morkjo eller Morka

Kommunen har vedteke Morka, kartverket ønsker adressenamnet Morkjo

Saka er utsett. Ventar på lovendring.

Vestnes kommune

Li eller Lid

Kartverket har vedteke Li, kommunen og grunneigarar vil ha Lid

Li

Flatanger kommune

Einvika eller Vikeveien

Privatpersonar klagar på navn og inndeling av veg.

Saka er avvist, for private ikkje har klagerett.

Ås kommune

Gultvet eller Gultvedt

Kartverket har vedteke Gultvet, grunneigarar vil ha Gultvedt

Gultvet

Eide kommune

Godalsvegen eller Gådalsvegen og Vassgårdvegen eller Vasskorvegen

Kommunen har vedteke Godalsveken og Vassgårdvegen, kartverket har klaga og ønsker Gådalsvegen og Vasskorvegen.

Vasskorvegen og Gådalsvegen

Ekspander/minimer faktaboks

VEDTEKE: Klagenemnda vurderte 15 saker i august.