Tidlegare har Hjellestadklinikken kun drive med slik utgreiing av AD/HD blant menn. No skal også kvinnelege rusmisbrukarar få undersøkt om dei har AD/HD.
Finn ut av problema
- Ei kvinne har fortalt at ho har trudd at ho har andre problem enn rusproblem. No er ho glad for å få hjelp til å finne ut meir, seier Nina Elin Andresen ved Stiftelsen Bergensklinikkene.
Frå 1. august i år har også fire kvinner vore innlagde ved klinikken på Hjellestad. Tre av desse syner no teikn på AD/HD. Hjellestadklinikken har 12 plassar.
Tilbod kome for å bli
I følgje Andresen kan AD/HD vera ei av årsakene til at enkelte byrjar å rusa seg. Ho trur at tilbodet er kome for å bli.
- Det allereie er lange lister for å få plass, fortel Andresen.